Fritt ord gir 2,3 millionar kroner til bibliotek

Stiftinga Fritt Ord har løyvd 2,3 millionar fordelt på 40 forskjellige norske folkebibliotek, for å styrke debatt og samtalar i biblioteka.

 

I vår lyste Fritt Ord ut tilskot på opp til 60.000 kroner til debatt og samtalar med utgangspunkt frå sakprosa og skjønnlitteratur. Det var 107 søkjarar, og 40 fekk altså middel.

Fritt Ord opplyser at stiftinga har som føremål å verne om og styrke ytringsfridomen ved skape levande debatt og uredd bruk av det frie ord. Stiftinga har prioritert prosjekt som er nyskapande. Dei som har fått støtte, skal blant anna arrangere paneldebattar, diskusjonsforum, foredrag og forfattarsamtalar. (©NPK)

Sjå lista over bibliotek som får støtte!

Og sjå debattkokeboka til Framtida.no!

Utskrift E-post