Grande vil forlenge fastprisen på bøker

Kulturminister Trine Skei Grande vil utvide fastprisordninga for bøker til å gjelde eitt år frå utgjevingsdato. Forslaget blir møtt med jubel frå bokbransjen.

 

– Vi håper dette vil føre til at lanseringa av bøker blir spreidd meir utover året, noko som vil styrke tilgangen forbrukarane har til gode bøker gjennom heile året, seier Grande (V) til Klassekampen.

I gjeldande bokavtale står det at ingen kanalar kan selje bøker med meir enn 12,5 prosent rabatt før 1. mai året etter dato for utgjeving. No foreslår regjeringa at fastprisen skal gjelde i tolv månader etter dato for utgjeving.

Sidan fleire av bokutgjevingar gjennom året blir lansert om hausten, vil dette føre til at 65 prosent av bøkene får ein lengre fastprisperiode enn tidlegare, ifølgje avisa.

Forslaget vil snart bli sendt ut på høyring. I tillegg vil regjeringa innføre på ny ein avtaleperiode på fire år, i staden for to som i avtalen i dag.

Bokhandlerforeningen og Den norske Forfatterforening gler seg over forslaget.

– At denne regjeringa no stadfester at rammeverket rundt bokavtalen står fast, og i tillegg vil styrke fastprisordninga, er heilt nye takter, seier leiar Heidi Marie Kriznik i Forfatterforeningen.

(©NPK)

Utskrift E-post