Sykkylven sa nei takk til Ålesund

Forslaget om å gå saman med Ålesund fall mot sju stemmer i kommunestyremøtet, skriv Sunnmørsposten.

Dermed går toget for å bli med i den nye Ålesund kommune saman med Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog. Bakgrunnen for vedtaket var nemleg at rådmannen i Ålesund har gitt andre kommunar som vil bli med i storkommunen på Sunnmøre, frist til 1. september med å bestemme seg.

Dei folkevalde vedtok i staden at dei ønskjer forhandlingar med Stranda kommune om ei samanslåing. Om Stranda på si side vel å takke nei til Sykkylven, skal kommunen halde fram åleine. (©NPK)

Utskrift E-post