Ap sikrar fleirtal mot Viken

Fylkespolitikarane i Ap, Frp, SV og Sp i dei tre Viken-fylka vil setje planlegginga av samanslåinga på vent til Stortinget har behandla regionreforma på nytt. I Stortinget kjem Ap til å stemme ned Viken.

 

Arbeidarpartiet sikra søndag fleirtal for ein mellombels stans i førebuingane til samanslåinga av Østfold, Buskerud og Akershus til Viken fylke, skriv NRK.

Partisekretær Kjersti Stenseng i Arbeidarpartiet seier at partiet kjem til å stemme mot Viken-regionen når saka kjem opp i Stortinget i haust.

– Vi må få ei avklaring på kor fleirtalet som vil ha Viken, står. Kommunalministeren og statsministeren må komme på banen. Framstegspartiet må òg seie kor det eigentleg står, seier Stenseng til NRK.

Fylkesordførar Anette Solli (H) i Akershus meiner det er «uansvarleg» av fylkespolitikarane å stanse arbeidet i Fellesnemnda for Viken.

– Vi blir forseinka med arbeidet til januar, og det går berre ut over dei tilsette. Det kunne ein spart seg for og retta seg etter stortingsvedtaka, seier Solli.

Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum varslar derimot omkamp om det nye storfylket.

– Regjeringspartia må skjønne at denne regionen er noko folk ikkje vil ha, seier Vedum til NRK. (©NPK)

Utskrift E-post