Søviknes vil bli fylkesordførar i det nye storfylket Vestland

Avgått olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) har som mål å bli fylkesordførar for det nye fylket Vestland, seier han til NRK.

 

Førre fredag gjekk Søviknes av som statsråd og grunngav avgangen med at han ville ha meir tid med familien. Han går tilbake til jobben som ordførar i Os kommune, ei stilling han har hatt permisjon frå mens han har vore i regjeringa.

– Eg har vore med i fylkespolitikken tidlegare, og i dag kjem eg til å gi beskjed til nominasjonskomiteen i Vestland Frp om at eg er villig til å stå som førstekandidat ved valet neste år, seier Søviknes til NRK fredag.

Han seier at det vil vere spennande å kunne vere med å forme eit nytt fylke når Hordaland og Sogn og Fjordane skal slå seg saman til Vestland.

Søviknes seier at det fint går an å både vere fylkespolitikar og kommunepolitikar. Han er likevel klar på at det er ordførarjobben i Os han vil prioritere. (©NPK)

Utskrift E-post