Snarveg til integrering

Foto: ColourboxFoto: Colourbox
Fjell kommune har oppretta ein «fast track» til integrering. Flyktningar går på jobb i staden for innføringskurs, fortel Bergens Tidende.

Fjell har oppretta ti prosjektstillingar for flyktningar. I staden for introduksjonskurs, får dei tilbod om å gå rett på jobb i kommunen – på servicetorg og sjukeheim, i skulen og på kulturkontoret.

Flyktningane får jobb i to år og forpliktar seg til å gå på norskkurs på fritida. For arbeidet dei utfører, får dei løn, ikkje stønad.

Les også: – Fem integreringstiltak som fungerer

Er arbeid nøkkelen til integrering?

Stillingane er finansierte med midlane flyktningane ville fått utbetalt på kurset. I tillegg er Fylkesmannen og Imdi (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) med på spleiselaget.

– Vi tek med den eine handa og gir med den andre. Det har vore ein vanvittig suksess, seier rådmann Steinar Nesse til avisa.

Han har ikkje mykje til overs for det toårige introduksjonsprogrammet som staten legg opp til.

– Det er meiningslaust! Noreg er på feil spor. Få flyktningane i arbeid så fort som mogleg. Eg har alltid meint at arbeid er nøkkelen til integrering. Til språk, nettverksbygging, venskap. Til kjensla av å bety noko i samfunnet, seier Nesse.

Les også:Vil ha meir dialekt i norskopplæringa

Utskrift E-post