Sogn og Fjordane Teater vil bli turnéteater for heile Vestland fylke

– Det er eit signal om kva vi meiner vi kan gjera for å binda saman kunst og kultur i det nye storfylket, seier direktør Margunn Grytten Selvik i Sogn og Fjordane Teater til Nynorsk pressekontor.

Direktøren for Sogn og Fjordane Teater legg til at dei har stor sans for storstova i Hordaland Teater i Bergen. Sjølv om Hordaland Teater også reiser på turné, meiner Grytten Selvik det er mange hordalendingar som ikkje får besøk av nynorskteateret eller reiser til byen for å besøkja det. Ho trur difor det er mange plassar i Hordaland som kan ha glede av at Sogn og Fjordane utvidar turneverksemda si.

Ho seier at planane enno ikkje er konkretiserte, men at dette er noko teateret har spelt inn til eigarane sine, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune.

Sogn og Fjordane teater har i dag 21 årsverk. Dersom det blir aktuelt å utvida turneverksemda til Hordaland, meiner teaterdirektøren at det er behov for 10–11 årsverk ekstra. Det er bakgrunnen for at teateret har søkt eigarane om 12 millionar ekstra i turneløyving for 2022.

Utvidingsplanane gjer at Sogn og Fjordane Teater også ser seg om etter nye lokale. Tidlegare i år kom det fram at teateret ønskjer å bli ei del av «Nynorskens Hus» i Førde saman med mellom andre NRK, Firda Media og andre verksemder. I samband med behovet for nye lokale har teateret søkt om seks millionar kroner ekstra i tillegg til ekstraløyvinga til utvida turnedrift. (©NPK)

Utskrift E-post