Mållaget til angrep på Forsvaret

Foto: Bjørn Ivar Voll, NPK og MållagetFoto: Bjørn Ivar Voll, NPK og Mållaget

Den nyaste utgåva av magasinet «Innsats» frå Forsvaret er blotta for nynorsk. Noregs Mållag stiller spørsmål om Forsvaret har kapitulert for bokmålet.

– Forsvaret kan ikkje sleppa å ta omsyn til mållova sjølv om det glansa reklameheftet dei har sendt ut i samband med Trident Juncture kan tyda på det, seier leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag.

Aasbrenn reagerer på at magasinet «Innsats», som i desse dagar kjem som innstikk i mange aviser, ikkje har eit einaste ord på nynorsk.

Aasbrenn: – For svakt

– Her burde minst ein firedel vore på nynorsk. Det blir for svakt at milliardforsvaret vårt fullstendig kapitulerer for bokmålet, seier han.

Mållaget viser til at Forsvarsdepartementet er ein av verstingane i statistikkane for bruk av nynorsk i offentleg kommunikasjon.

– Språkleg jamstilling i offentleg forvaltning er eit leiaransvar, og Forsvarets mediesenter som står bak Trident Juncture-heftet, har heilt tydeleg ikkje tenkt på dette ansvaret, seier Aasbrenn.

Les også: Generalløytnant Morten Haga Lunde kåra til årets nynorskbrukar 2017

Siste utgåve av magasinet «Innsats» frå Forsvaret. Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK
Ueinig i lovtolkinga

Fungerande sjef for Forsvarets mediesenter, Stine Grøndahl, meiner dei er på rett side av mållova.

– Me tolkar ikkje mållova slik at kvar einaste produksjon eller publikasjon skal ha minst 25 prosent nynorsk eller bokmål. Me ser heile produksjonen til Forsvaret under eitt. Dette inneber at nokre av produksjonane våre er skrivne på nynorsk, andre på bokmål, skriv Grøndahl til Nynorsk pressekontor.

Ho peikar vidare på at den årlege statusrapporten til Etterretningstenesta blir skriven på nynorsk.

– Det same er vernepliktsidene våre og temasidene om F35. Dette er blant dei mest besøkte områda på forsvaret.no, fortel Grøndahl.

Utskrift E-post