Sp opnar for å oppheve fleire fylkessamanslåingar

Senterpartiet meiner avtalen mellom regjeringa og KrF om forslag til oppgåvefordeling til dei nye regionane er så svak at ingen fylke treng å bli slått saman.

 

Frå før har Sp foreslått å oppheve Viken-samanslåinga og samanslåinga av Finnmark og Troms. Saka skal behandlast i Stortinget i haust.

No melder Nationen at partiet torsdag vil fremme nytt forslag i Stortinget for å reversere tre andre samanslåingar: Hordaland og Sogn og Fjordane til region Vestland, Hedmark og Oppland til region Innlandet og også samanslåinga av Vestfold og Telemark. Dermed ville berre Trøndelag og Agder stå igjen som samanslått etter regionreforma.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier bakgrunnen er forslaget frå regjeringa om kva oppgåver dei nye regionane skal få, som blir lagt fram fredag.

– Dette har vore eit elendig politisk handverk frå regjeringa, og det har blitt eit prestisjeprosjekt ein berre tvinge gjennom, mot den lokale viljen. Dei sa dei skulle tilføre mange nye oppgåver. No har vi sett fasiten, og det vart knapt nokon ting, seier Vedum til avisa.

Han meiner det bør bli opp til fylkestinga om samanslåingane skal gjennomførast. (©NPK)

Utskrift E-post