Hemsedal valde nøytralt framfor nynorsk

 Foto: Wikimedia commonsFoto: Wikimedia commons
Politikarane i Hemsedal i Buskerud stemte ned nynorsken og vedtok at administrasjonsspråket i kommunen skal vera nøytralt.

Det var på førehand venta at det kom til å bli jamt i spørsmålet om Hemsedal kommune skulle halda på nynorsk som administrasjonsspråk, skriv Hallingdølen.

Torsdag kveld vedtok politikarane i gå over til eit «nøytralt» administrasjonsspråk som gir tilsette og politikarar rom til sjølv å velja kva målform dei vil bruka – nynorsk eller bokmål.

Jamn språkkamp i kommunestyret

– Dette har vore ein av dei mest spennande og spesielle debattane i kommunestyret. Alle utanom meg har sagt noko, sa ordførar Oddvar Grøthe før representantane skulle stemma.

Stemmegivinga viste ein jamn språkkamp i kommunestyret. Nynorsken tapte med knappast mogleg margin, åtte mot ni stemmer, melder Hallingdølen.

Samstundes blei det vedteke at tenestespråket i Hemsedal skal vera nynorsk.

Les også: Kringkastingssjefen: Neste år skal NRK fylle nynorskdelen

Utskrift E-post