Kringkastingssjefen: Neste år skal NRK fylle nynorskdelen

Thor Gjermund Eriksen lovar å fylle nynorskkvota i statskanalen neste år. Arkivfoto: Nordiske Mediedager/Flickr/CC BY-SA 2.0Thor Gjermund Eriksen lovar å fylle nynorskkvota i statskanalen neste år. Arkivfoto: Nordiske Mediedager/Flickr/CC BY-SA 2.0
På konferansen Treng vi norsk?, lova kringkastingssjefen nynorskbrukarane at 2019 blir året dei oppfyller målsetjinga om nok nynorsk i statskanalen.

– Det enda på 22 prosent i fjor, og det ser ut som det kjem til å ende på 24 prosent i år. Neste år må målsetjinga vere 25 prosent for første gong i NRK si historie, seier kringkastingssjef, Thor Gjermund Eriksen.

Det var under konferansen Treng vi norsk? i Førde på torsdag, at kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen lova at 2019 er året NRK oppfyller målet om nok nynorsk i statskanalen.

NRK har ein språkplan som tilseier at dei skal ha 25 prosent nynorsk på alle flater. På TV, på radio og på nett. Det målet har allmennkringkastaren aldri nådd.

Det er særleg på nett at allmennkringkastaren sakkar akterut. Der var prosentdelen så låg som 16 prosent i fjor. Det er radio- og TV-potten som har drege opp gjennomsnittet med høvesvis 23 og 23, 8 prosent.

Les også: NRK får kritikk for for lite nynorsk og samisk

Skal vekke sovande nynorskbrukarar

De har aldri klart det før, kva endringar har de gjort som skal føre til at de klarer det neste år? spør Framtida.no frå salen.

– Eg veit at alle forklaringar høyres ut som bortforklaringar, startar kringkastingssjefen.

Frå scena fortel han at det er krevande fordi NRK skal sjonglere også andre behov, deriblant å sikre eit kulturelt mangfald. Likevel seier Eriksen at allmennkringkastaren skal nå målet i 2019.

– Grunnen til at prosenten går opp no er at vi har laga ein nynorsk handlingsplan med mange tiltak. Noko av det eg trur er det viktigaste, endå det høyres lite ut, er at vi skal sjå folk. 

Kringkastingssjefen vil «vekke sovande nynorskbrukarar».

– Ein del av våre journalistar har hatt nynorsk som hovudmål, men dei nyttar det ikkje i jobben. Dei må oppfordrast til å bruke det!, seier han.

Utskrift E-post