Preikestolen skal til Strand kommune

Foto: PixabayFoto: Pixabay

Kommunalministeren har ikkje tenkt å endre standpunkt i saka om kva kommune den ikoniske fjellformasjonen Preikestolen skal høyre til, og seier dette formelt er avgjort. Den populære turistattraksjonen skal liggje i Stand kommune frå 2020.

 

I dag ligg Preikestolen i Forsand kommune, men når Forsand blir ein del av nye Sandnes kommune blir grensa justert slik at Preikestolen høyrer til Strand kommune. Det bestemte Kommunal- og moderniseringsdepartementet før jul.

Torsdag var ordførarane i Sandnes og Forsand på møte i departementet for å leggje fram synspunkta sine i samband med grensejusteringane rundt Preikestolen-området nord for Lysefjorden.

Kommunalministeren seier derimot at saka formelt er avgjort. Argumenta til dei to rogalandsordførarane skal likevel vurderast og dei får skriftleg svar, seier ministeren ifølgje NRK.

Endringa trer i kraft frå 1. januar 2020, samtidig som Forsand og Sandnes blir slegne saman til nye Sandnes kommune.

<p>(©NPK)</p>

Utskrift E-post