SV vil gi Posten nye oppgåver for å sikre postombering

Foto: Norsk ElbilforeningFoto: Norsk Elbilforening

SV vil gi Posten nye oppgåver for å hindre redusering i postomberinga. Levering av daglegvarer, medisinar og tilsyn av eldre kan vere aktuelt.

 

Rasjonalisering har redusert talet på tilsette med ansvar for tradisjonelle posttenester med 20.000 på 20 år, og nye kutt står for døra om Posten får ja til postombering annankvar dag, skriv Klassekampen.

Det ønsker SV å hindre.

– Vi vil setje ned eit offentleg utval som skal komme med forslag til andre sjølvfinansierande oppgåver enn tradisjonell postombering, seier stortingsrepresentant Arne Nævra.

Han meiner Postens leveringsnett landet rundt bør kunne brukast til andre tenester.

– Samtidig som volumet av tradisjonelle brev går ned, går behovet for levering av varer og tenester heim motsett veg, seier han.

Partiet har undersøkt korleis posten i andre land har fått fleire bein å stå på. I Frankrike står posten for medisinutlevering, henting og levering av bøker og filmar og tilsyn av eldre. I Finland har dei testa ut besøk og assistanse til eldre, levering av mat og plenklipping. Også Nederland tilbyr matlevering, mens Tyrkia tilbyr bibliotektenester for funksjonshemma og eldre.

Brevmengda har falle frå nær 1,7 milliardar i 1999 til ei forventa mengde på rundt 400 millionar neste år. Samferdselsdepartementet vil snart komme med forslag til ny postlov. (©NPK)

Utskrift E-post