Storfylke på Vestlandet ikkje heilt utenkjeleg for Rogaland

Skrive av NPK .

Om få år kan Rogaland vere ein del av det nye Vestland fylke, meiner fylkesordførar i Rogaland Solveig Tengesdal (KrF). Ho blei lokka av fleire på nyttårsmøtet til Hordaland fylkeskommune, fortel Bergens Tidende.

 

– Solveig: du og Rogaland må vere med. Elles får vi ikkje dette til, sa Geir Inge Lunde, leiar for PwC Region Vest, då han heldt inspirasjonsforedrag om sine visjonar for «Verdens Hav-region», Vestlandet, under Hordaland fylkeskommunes nyttårsmøte torsdag.

– Dette er ein modningsprosess. Eg er sikker på at Rogaland kjem etter, seier fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun, til avisa.

Fylkestinget i Rogaland sa for to år sidan nei til intensjonsavtalen som Tengesdal, Hestetun og Sogn og Fjordane-ordførar Jenny Følling forhandla fram. Men i forslaget som vart samrøystes vedtatt, står det at dersom regionane blir tilført nye oppgåver, vil ein vurdere å samarbeide med Hordaland.

Det gjer at Tengesdal trur det kan tvinge seg fram ein ny diskusjon etter valet i haust.

– Flytting av oppgåver frå staten til fylka blir avgjerande for oss. Dersom Stortinget vedtar ei stor og god pakke der, opnar vedtaket vi gjorde for at vi kan ta spørsmålet opp på ny. Men det blir ikkje aktuelt i denne valperioden. No må Hordaland og Sogn og Fjordane gjennomføre sin prosess, så får vi sjå i neste valperiode, seier ho. (©NPK)

Utskrift