Språkpris til «Der ingen skulle tru»-programleiar

Arve Uglum, som er programleiar for NRK-suksessen «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», får pris for språkbruken sin.

 

Han er tildelt Kringkastingssjefens språkpris, som kvart år går til ein NRK-medarbeidar som utmerker seg med god språkbruk.

Juryen meiner forteljarstemma til Uglum har ein tydeleg identitet, og at han bruker eit nært og kvardagsleg, men òg utforskande og originalt språk, ifølgje NRK.

Uglum er frå Sogn, og på lufta bruker han nynorsk.

– Eg er midt imellom nynorsk og dialekt. Med ein såpass sær dialekt skulle ein tru det kom reaksjonar. Men eg har ikkje fått nokon som gjeld dialekten min, seier han til NTB.

Juryen omtalar språket hans som «sobert», «lavmælt» og «tilbaketrukket».

– Målet er å stikke meg minst mogleg fram. Då sparer eg verda for mykje unødvendig mas, seier Uglum sjølv.

«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er ein norsk dokumentarserie som har gått på NRK sidan 2002. Oddgeir Bruaset leidde programmet fram til 2014, før Uglum tok over.

I programmet får vi innblikk i kvardagslivet til folk som bur på aude og uvanlege stader. (©NPK)

Utskrift E-post