Auka bruk av ordbøker på mobilen

Kvart tredje av 45 millionar søk i Bokmålsordboka og Nynorskordboka i fjor vart gjort i mobilappen Ordbøkene. Appen vart lansert hausten 2017 og har slått godt at på kort tid, opplyser Språkrådet.

 

Ein ny versjon av Ordbøkene kom 17. januar i år. I den forbetra utgåva kan ein mellom anna slå opp ord frå andre appar, endre skriftstorleiken og lagre ord til ei favorittliste. Sidan hausten 2017 har appen blitt lasta ned over 70.000 gonger og har opp mot 4.000 brukarar dagleg.

– Det betyr mykje for oss å nå ut på digitale plattformer slik at særleg barn og unge får gode verktøy til å bli trygge språkbrukarar, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

– Lærarar har fortalt om elevar som ikkje har brukt ordbøkene på nett, men som brukar appen. Vi oppfordrar fleire lærarar til å motivere elevane sine til å prøve appen, seier Margunn Rauset ved Universitetet i Bergen.

Språkrådet og Universitetet i Bergen eig Bokmålsordboka og Nynorskordboka i fellesskap. (©NPK)

LES OGSÅ: No er det snart ingen grunnar igjen til å skrive feil

Utskrift E-post