Språkrådet ikkje imponert over NSBs nye namn

Direktør Åse Wetås i Språkrådet er ikkje begeistra for NSBs val av nytt namn – Vy. Foto: Mariam Butt / NTB scanpixDirektør Åse Wetås i Språkrådet er ikkje begeistra for NSBs val av nytt namn – Vy. Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

Språkrådet rådde opphavleg NSB til å ikkje byte namn. Når dette no er gjort, er direktør Åse Wetås ikkje imponert over valet.

Tysdag lanserte NSB at det nye namnet for både NSB og Nettbuss skal bli Vy. Det er eit namn som Wetås og Språkrådet ikkje er overvettes begeistra for.

– Vi rådde NSB til å behalde forkortinga som ei rein bokstavforkorting, slik som SJ i Sverige har gjort. Dette er ei løysing vi ikkje ofte tilrår, seier Wetås til NTB.

Vekk frå Noregs Statsbaner

Utgangspunktet var at NSB ønskte å riste av seg namnet Noregs Statsbaner, men Wetås meiner at NSB står i ei særstilling i medvitet til folk og at dette derfor var det beste rådet Språkrådet kunne komme med.

I tillegg er Språkrådet kritisk til at det nye namnet Vy ikkje seier noko som helst om at selskapet driv med transport. Wetås meiner staten har eit ansvar for å velje namn som tydeleg viser kva selskapet driv med.

– Det er eit viktig signal til alle offentlege verksemder og offentlege selskap at ein har eit namn som eintydig viser kva selskapet driv med. Ikkje minst av demokratiske grunner er det viktig med eit namn som innbyggarane lett forstår kva står for, understrekar ho, og meiner Vy derfor er eit dårleg val.

Les meir: Språkrådet refsar statlege namneprosessar: – Namn som Bane NOR SF, Oslo Met og Norec skrik i øyra mine, seier direktør Åse Wetås.

Namn utan tyding

– Dette namnet glepp på alle desse kriteria. Vi har fått eit namn som ikkje har ei tyding, som ikkje beskriv verksemda, seier språkdirektøren.

Samtidig understrekar ho at NSB ikkje har plikt til å lytte til Språkrådets tilrådingar sjølv om dei er fagorganet til staten.

– Men vi skulle gjerne ha ønskt at dei lytta til oss i større grad enn dei har gjort, avsluttar ho.

Utskrift E-post