Forfattar Edvard Hoem saman med direktør ved Det Norske Teatret, Åse Ryvarden, og påtroppande teatersjef ved Teatret Vårt i Molde, Kristian Lykkeslet Strømskag, som òg skal skriva sceneversjonen av «Slåttekaren i himmelen». Foto: Siren Høyland Sæter, Det Norske TetretForfattar Edvard Hoem saman med direktør ved Det Norske Teatret, Åse Ryvarden, og påtroppande teatersjef ved Teatret Vårt i Molde, Kristian Lykkeslet Strømskag, som òg skal skriva sceneversjonen av «Slåttekaren i himmelen». Foto: Siren Høyland Sæter, Det Norske Tetret
Det Norske Teatret og Teatret Vårt i Molde samarbeider om å laga sceneversjonen av den første boka i slektskrøniken av Edvard Hoem.

Sceneversjonen av Slåttekar i himmelen er ei av på storsatsingane på hovudscena til Det Norske Teatret våren 2020. Stykket vert regissert av Bentein Baardson og får premiere 7. mars neste år.

Kor mykje kan du om jubilanten? Test kunnskapane dine i den store Hoem-kvissen!

Frå Oslo-premiere til turné i Møre og Romsdal

Nyheita vart lansert måndag 11. mars då Det Norske Teatret feira 70 årsdagen til Edvard Hoem i samarbeid med Forlaget Oktober.

Den prisløna forfattaren og jubilanten har lang fartstid i norsk teaterliv og har mellom anna vore husdramatikar ved Det Norske Teatret og teatersjef ved Teatret Vårt i Molde.

– Eg har tru på at Bentein Baardson på regi kan lage godt teater av materialet. Utvandrartida set alt i eit stort perspektiv, avgjerda ein tok var ugjenkalleleg. Skal ein bli, eller skal ein dra? seier Hoem sjølv ifølgje ei pressemelding frå Det Norske Teatret.

Etter sommaren går stykket vidare til Teatret Vårt i Molde, der det har premiere 15. august 2020 og skal på turne 9 stader i Møre og Romsdal.

Historien om Nesje-slekta

Stykket er basert på Slåttekar i himmelen (2014) og skal omskrivast til scena av Kristian Lykkeslet Strømskag.

Slåttekar i himmelen er den første romanen i serien som følgjer Nesje-slekta frå Rekneslia i Molde til prærien i Amerika.

Dei tre neste bøkene i slektskrønika er: Bror min på prærien (2015), Land ingen har sett (2016) og Liv andre har levd (2017).

Bøkene har hatt eit opplag på over 330 000 bøker og vunne ein stor lesarskare.

Takksam teatersjef

Teatersjef ved Det Norske Teatret, Erik Ulfsby, meiner Edvard Hoem har treft ei nerve i det lesande publikummet med historien om oldefaren sin, Knut Nesje.

– Han evnar å fange det store i det små og har med historien som startar på eit småbruk ved Romsdalsfjorden rørt ved eit kapittel i norsk historie som mange familiar har opplevd. At teateret no skal få ta dette opp på scenen er ei stor gåve, seier Ulfsby i pressemeldinga.

Edvard Hoem sine nynorske Shakespeare-omsetjingar frå 80-talet vert framleis spelt i dag.