Regjeringa og kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) foreslår at kommunane får lovfesta rett til å bestemme stadnamn. Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPKRegjeringa og kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) foreslår at kommunane får lovfesta rett til å bestemme stadnamn. Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK
Regjeringa foreslår endringar i stadnamnlova slik at kommunane får avgjere sjølve. Det kan bety at stadnamn får fleire dialektvariantar.
 

– Endringane vil ta vare på omsynet til stadnamn som språkleg kulturminne, og sikre god forvalting av både norske, samiske og kvenske stadnamn. Samtidig vil vi gi kommunane større fridom, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) i ei pressemelding.

Les også intervjuet med Trine Skei Grande der kulturministeren opnar for at nynorsk kan bli eitt av fleire styringsmål ho vil setja for den nye mediestøtta.

Språkrådet med lovfesta rett

Regjeringa foreslår fleire endringar i stadnamnlova, som har som formål å ta vare på stadnamn som språkleg kulturminne.

Dei ønsker at kommunane får lovfesta rett til å velje stadnamn, og at Språkrådet får lovfesta rett som stadnamnteneste for norsk og kvensk. Det inneber at Språkrådet skal uttale seg om namneskikk, namnevern og skrivemåtar før nye stadnamn blir vedtatte.

Den samiske stadnamntenesta skal framleis styrast frå Sametinget.

Les også: Norsk Målungdom vil gje meir makt til Språkrådet

Opnar for dialektformer

Dersom endringane blir vedtatte, kan kommunane sjølve velje å nytte seg av eldre skrivemåtar framfor det som er rett skrivemåte i dag. Dei kan òg vedta bruk av fleire dialektformer skriftleg.

– Stadnamn gir familieidentitet, lokal identitet og språkleg identitet. Derfor vekker stadnamn stort engasjement både lokalt og nasjonalt. Eg er glad for at vi med dette framlegget styrkar innverknaden frå lokalsamfunna, seier Grande.

Prøv deg også på Framtida.no sin dialekt-quiz: Er du ei «løfserøv», ein «svettpeis» eller kanskje ei «brettlepa»?