ØNSKJER INNSPEL OM SPRÅK: Statssekretær Frida Blomgren i Kulturdepartementet opna Språkdagen 2019 og oppmoda alle som ønskjer det til å koma med innspel til den nye språkmeldinga.  Foto: Trygve Indrelid / NTB / NPKØNSKJER INNSPEL OM SPRÅK: Statssekretær Frida Blomgren i Kulturdepartementet opna Språkdagen 2019 og oppmoda alle som ønskjer det til å koma med innspel til den nye språkmeldinga. Foto: Trygve Indrelid / NTB / NPK
Alle som ønskjer det, kan no koma med innspel til kva dei meiner er viktig for norsk språkpolitikk i framtida.

Det kunngjorde statssekretær Frida Blomgren (V) i Kulturdepartementet då ho torsdag opna Språkdagen i Oslo. Det er Språkrådet som arrangerer det årlege arrangementet. Temaet i år var «Tilgang til språk ». Eit sentralt punkt i denne samanhengen er korleis ei norsk språklov kan sikra at alle i Noreg får møta og bruka språket sitt.

Blomgren fortalde at regjeringa tek sikte på å leggja den lenge varsla språklova fram for Stortinget våren 2020. Samtidig med språklova blir det også lagt fram ei ny språkmelding.

– Det er ikkje alle spørsmål som er like naturleg å behandla i ei språklov. Difor skal vi også levera den første språkmeldinga på over ti år. Dette arbeidet vil regjeringa gjerne ha innspel til, sa statssekretæren.

Ho fortalde at alle som ønskjer det, no kan gå inn på regjeringa.no og formidla synspunkta sine og vera med å påverka språkpolitikken for framtida.

Les også: Målungdomen meiner læreplanen ikkje tek omsyn til nynorskelevane

LOVA SPRÅKLOV OG SPRÅKMELDING: Statsekretær Frida Blomgren i Kulturdepartementet fortalde at regjeringa i samband med den nye språklova også vil laga ei ny språkmelding. – Denne vil vi gjerne ha innspel til, sa ho. Foto: Trygve Indrelid / NTB / NPKLOVA SPRÅKLOV OG SPRÅKMELDING: Statsekretær Frida Blomgren i Kulturdepartementet fortalde at regjeringa i samband med den nye språklova også vil laga ei ny språkmelding. – Denne vil vi gjerne ha innspel til, sa ho. Foto: Trygve Indrelid / NTB / NPK
Høyringsinnspel til språklov

I samband med at høyringsforslaget til ny språklov, blir det også mogleg å koma med innspel. Departementet opplyser til Nynorsk pressekontor at målet er å senda lovforslaget ut på høyring til hausten.

For å styrkja det norske språket har det lenge vore arbeidd for at Noreg skal få ei eiga språklov. Sjølv om vi har ulike lover og føresegner som tek føre seg språk i Noreg, finst det inga overordna språklov. Dette skal den nye språklova bøta på.

Norsk Målungdom går inn for at den nye språklova skal opna for at Språkrådet kan bruka sanksjonar dersom statlege organ bryt ho.

– Norsk skal vera berande

– Det overordna målet er at norsk språk skal vera eit fullverdig og samfunnsberande språk også i åra som kjem. Vi skal også verna og fremja norsk teiknspråk, samiske språk og nasjonale minoritetsspråk, sa Blomgren då ho opna Språkdagen.

Ho meinte språkmangfald er bra for den einskilde og eit gode for samfunnet, men gjorde det samtidig klart at det finst ein språkleg ubalanse i Noreg.

– Maktforholdet mellom dei ulike språka er ikkje lik. Difor treng vi språkpolitikk, sa ho.

Les også intervjuet med Trine Skei Grande der kulturministeren opnar for at nynorsk kan bli eitt av fleire styringsmål ho vil setja for den nye mediestøtta.