Ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy blei sjuk etter lang tid med sjikanerande meldingar og hets. Ho oppmodar folk til å oppføra seg i valkampen.
 

Fitte, hore, maktsjuk og diktatorisk. Det er nokre av karakteristikkane som ordførar Kristin Maurstad (Ap) i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane fekk slengt etter seg på nett og tekstmelding. Til slutt blei ho sjuk av påkjenninga.

– Det kom over natta. Ein blir jo lei seg og slikt, det hadde eg takla, men eg fekk ein fysisk reaksjon. Eg vakna ein dag og var nitti år gammal. Ingenting fungerte, seier ho til Nynorsk pressekontor.

Dei vanlege treningsøktene blei umoglege å gjennomføra. Ho blei heilt utmatta og gjekk ned sju kilo på kort tid. Legane meinte årsaka var stress.

– Eg hadde heldigvis vit til å la meg bli sjukmeld, og heldt meg stort sett heime i to veker, fortel Maurstad.

Les også: Yngre politikarar vert mest utsette for hat og trugslar

 

Fylkesleiar i Rogaland AUF, Ali Hamza, opplevde at politiet tok saka hans på alvor då han som 16-åring anmeldte hatefulle ytringar i kjølvatnet av eit debattinnlegg.Fylkesleiar i Rogaland AUF, Ali Hamza, opplevde at politiet tok saka hans på alvor då han som 16-åring anmeldte hatefulle ytringar i kjølvatnet av eit debattinnlegg.
Truslar er vanleg
43 prosent av norske lokalpolitikarar har opplevd truslar eller hatefulle ytringar. Halvparten har vurdert å gi seg i politikken på grunn av dette, viser ei undersøking KS har gjort.

Adina Trunk er rågjevar i The International Institute for Democracy and Electoral Assistance (IDEA). Ho peikar på at lokalpolitikken kan vera eit kall, men på same tid må det gi meining med å vera politikar.

Rågjevar Adina Trunk i The International Institute for Democracy and Electoral Assistance (IDEA). Foto: Bjørn Ivar Voll / NPKRågjevar Adina Trunk i The International Institute for Democracy and Electoral Assistance (IDEA). Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

– Om det å vera politikar betyr at ein drar det tunge lasset, at ein jobbar mykje utan å få betalt, at ein droppar tid med familien og barna for å sitja i lange møte på kveldstid, og så er det einaste ein får tilbake truslar via sosiale medium, er det rett og slett ikkje så mykje for slitet, seier Trunk.

Ho meiner Noreg og andre etablerte demokrati ikkje er immune mot ei fallande deltaking i lokaldemokrati og styre. Ein må vera på vakt mot signala.

– For eit samfunn som det norske, der ein har vore trygg på demokratiet er det kanskje endå vanskelegare å forstå at det kan gå gale. Det er farleg, for ein har ikkje guarden oppe, seier Trunk.

Les også: Slik taklar du hatytringar på nett

Valde å vera open

Maurstad seier ho lenge vegra seg for å fortelja ope om hetsen. Ho var også tilbakehalden med å stilla opp til intervju.

– Eg var redd for å ta ei offerrolle, seier ho i dag.

Det var saker om skulenedlegging, justering av kommunegrenser og kommunesamanslåing som fekk det til å svartna for somme. I eit intervju med KS i haust, fortalde Maurstad at dei som sende meldingane var både sambygdingar, folk utanfor kommunen og folk i andre fylke. Mange var heilt ukjende, medan andre slutta å helsa på butikken.

Etter intervjuet i haust strøymde meldingane på frå folkevalde i heile landet – kjente og ukjente. Det same skjedde etter det sterke innlegget i Oslo tysdag. Meldingane tikkar inn og klemmane sat laust. Det er ein letta ordførar som tar seg tid til ein prat.

– Eg fann ut at det var naudsynt å vera open, for det er så mange i same situasjonen. Når eg først sa A, må eg seia B, så får eg dela. For eg var redd for at eg ved å opna opp skulle skremma vekk folk. Derfor heldt eg tilbake ganske lenge, forklarer Maurstad.

Les intervju med Stopp hatprat-ambassadør Kaja Hilleren: – Det er i ferd med å bli normalt å hate andre på nett

Held fram i politikken

Dei vonde erfaringane frå lokalpolitikken har ikkje skremt Maurstad. Ho held fram i politikken og er nominert på lista til Vestland Ap til fylkestingsvalet.

– Sjansen for å bli hetsa er kanskje ikkje så stor i fylkespolitikken som i lokalpolitikken. Du har litt større avstand til veljarane, men dette skjer jo på alle nivå. Men det er klart, som ordførar er du veldig eksponert, seier Maurstad.

Når valkampen nærmar seg, kan det gå ei kule varmt fleire stader. KS har derfor laga eit valløfte som blant anna inneber å seia nei til hets, trakassering, mobbing, skjellsord og personangrep.

Maurset meiner det også er opp til politikarane å ta ansvar. For det er ikkje alle av dei som oppfører seg på nettet. Og så må folk tola at politikarane står for noko, meiner Maurstad.

– Me kan ikkje be politikarar moderera seg fordi folk kan bli sinte. Som politikar skal du meina noko og gjera vedtak som ikkje er positive for alle, og det må ein tola å stå i, seier ho.