Regjeringa etterlyser innspel frå kommunane til språkmeldinga

Statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet. Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPKStatssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet. Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPK

Statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet oppfordra nynorskkommunane til å engasjere seg i den komande språkmeldinga, då han torsdag opna landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

 

Kommunefolk og språkfolk frå ulike nynorskkommunar og -organisasjonar er denne veka samla til landsting i Førde, når LNK feirar sitt 25-årsjubileum. På programmet står digitalisering i kommunane, klarspråkarbeid og nynorsk språk.

Statssekretæren, som sjølv er frå Jølster i Sogn og Fjordane, opna jubileet ved å helse frå statsråd Trine Skei Grande (V) i Kulturdepartementet. I helsinga viste han nettopp til digitalisering og språkarbeid.

Språk er eit felles ansvar

– Globaliseringa skapar ein ny språksituasjon. Det same gjer digitalisering og ny teknologi. Å ha mange språk i eit land er ein kulturell rikdom, men maktforholdet mellom språk er ikkje likt, og språkleg mindretal må ein ta omsyn til, sa Hamar i opningstalen.

Han sa også at norsk språk er ei av dei oppgåvene Noreg i fellesskap må sørgje for, og at det er eit større språkpolitisk ansvar.

Statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet under opninga av landstinget til LNK i Førde. Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPKStatssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet under opninga av landstinget til LNK i Førde. Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPK

Bad om innspel til språkmeldinga

– Språket er blant dei fremste kjennemerka på identitet og kultur. Og det språklege arbeidet som blir gjort i kommunane er eit juridisk fundament, sa Hamar.

Han viste og til arbeidet som no blir gjort i Kulturdepartementet med den komande språkmeldinga som er varsla våren 2020. Han oppfordra vidare kommunane til «å la blekket sprute» ved å engasjere seg for nynorsken i Kommune-Noreg og kome med innspel til arbeidet regjeringa gjer med den komande meldinga.

– Det vil gi eit løft til norsk språk generelt og nynorsken spesielt, sa Hamar.

Fakta:

* LNK er ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak.

* Føremålet er å fremje nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd.

* I jubileumsåret kan organisasjonen vise til rekordmange medlemmer, 125 kommunar er medlem av LNK 2019. (©NPK)

Utskrift E-post