– Forteljingar trengst for å leve

Forteljinga om livet til Ivar Aasen og valet han tok som endra det, var temaet under opninga av Dei nynorske festspela 2019 torsdag.

 

– Det blir gjerne sagt at forteljingar og det å fortelje er ein måte vi menneske strukturerer liva våre på. Vi treng strukturar og meining for å leve gode liv. Med andre ord: Forteljingar trengst for å leve, sa konstituert leiar i Ivar Aasen-tunet Anders Aanes ved Ivar Aasen-statuen i Ørsta sentrum under opninga av Dei nynorske festspela 2019 torsdag.

I år er det forteljingar som er tema for Dei nynorske festspela, og det er Carl Frode Tiller som er festspeldiktar. I talen knytte Aanes livet til Ivar Aasen og valet han tok som endra det, til festspeldiktaren og forfattarskapen hans.

Vendepunktet

I 1841 gjekk Aasen frå å vere ein gåverik privatlærar på Sunnmøre til det offentlege rommet då han reiste til Bergen, fekk snakke med biskop Jacob Naumann og slik fekk ein omtale på trykk i Bergens Stiftstidende. Aanes omtala denne reisa som vendepunktet i forteljinga om livet til Ivar Aasen og arbeidet han gjorde for det nynorske skriftspråket.

– På same måten ser ein dette i Carl Frode Tillers romanunivers når karakterane der blir stilte overfor heilt tydelege val i livet: Skal dei gjere det dei sjølve vil, eller det som er forventa av dei? sa Aanes i talen og viste til Tillers roman «Begynnelser» og tankane kring val som hovudpersonen der gjer seg, valet mellom godt og vondt.

– Aasen valde å leve i skrifta, og skrifta levde i han. Det har ført til at framifrå forfattarar som Carl Frode Tiller kan skrive nye forteljingar i eit skriftspråk dei har funne i røysta si i, sa Anders Aanes avslutningsvis i talen ved Ivar Aasen-statuen.

I talen i år var det ikkje berre Ivar Aasen som fekk takk for det nynorske skriftspråket, slik tradisjonen har vore, men også bipersonane i forteljinga som gjorde det mogleg for Ivar Aasen å reise til Bergen den gongen, og det som vart vendepunktet i forteljinga om Ivar Aasen. (©NPK)

Utskrift E-post