Portrett til venstre av Odd Nordstoga: Hans Fredrik Asbjørnsen. Portrett til høgre av Stein Versto: Ånond Versto. Portrett til venstre av Odd Nordstoga: Hans Fredrik Asbjørnsen. Portrett til høgre av Stein Versto: Ånond Versto.
Dei nynorske festspela 2020 kan smykke seg med to av Vinjes store søner.
 

– Det er stor ære å få kome til Dei nynorske festspela på denne måten, og det er ekstra hyggjeleg og spennande å få vere der saman med Stein Versto. Eg gleder meg veldig, seier Odd Nordstoga i ei pressemelding.

Musikaren og tesktforfattaren frå Vinje har hanka inn fleire Spellemannsprisar i karrieren. I 2015 fekk Nordstoga prisen som beste tekstforfattar for plata «Dette landet» – då saman med nettopp sambygding Stein Versto.

Som Nordstoga, er Versto musikant og spelar hardingfele, men han har også fleire strengar å spele på. Sidan han debuterte med novellesamlinga Ho blei borte i trappene i 1990 har han gjeve ut to diktbøker og sett om fleire tekstar og verk.

Versto synest det er dobbelt moro at samarbeidet med Nordstoga vert trekt fram:

– Eg ser fram til å feire det!

Les også om Årets nynorskbrukarar: – I starten vart eg utfordra på at det var bondsk å skrive nynorsk og at eg ikkje burde gjere det fordi det ikkje kom til å bli god business

Musikalsk dikting

– Sjeldan har vi fått vise samanhengen mellom skriving og musikk betre enn med desse to som festspeldiktarar, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum i pressemeldinga.

Sandsmark rosar dei to komande festspeldiktarane for å ha røter i folkedikting, folkemusikk og nynorsk skriftkultur, samstundes som dei hentar inspirasjon frå verda og samtida.

Nordstoga og Versto skal ta over stafettpinnen etter Carl Frode Tiller som var festspeldiktar i år. Tiller nytta då høve til å eksperimentere, og framførte ein nyskriven tekst saman med musikar Stian Westerhus.