Sp kan få flest ordførarar

Senterpartiet kan ende opp med rundt 150 ordførarar landet over og kan dermed passere Arbeidarpartiet som det største ordførarpartiet.

 

Det viser utrekningar som valforskar Jonas Stein ved Universitetet i Tromsø har gjort for NTB.

– 147 ordførarar pluss minus 10 er det mest sannsynlege talet, seier Stein.

– Historisk

Senterpartiet har i dag 105 ordførarar. Men trass i at det har vorte 72 færre kommunar og dermed ordførarkjeder å fordele, kan Senterpartiet auke delen sin med nesten 50 prosent.

– Det er jo eit historisk godt resultat. Ordførarkabalen kjem til å bli den store spenninga no, seier Stein, som tek atterhald om at det kan vere lokale variasjonar som utrekningsmodellen hans ikkje tek høgde for.

Sp stilte med liste i 343 av 356 kommunar. Ifølgje Steins utrekningar får 27 av dei heilt sikkert ein Senterparti-ordførar. I tillegg kjem 48 kommunar med svært høgt sannsyn og 63 kommunar med høgt sannsyn for ein firkløvergrøn ordførar.

Dermed er det hårfin kniving mellom Sp og Ap om å bli det største ordførarpartiet i landet.

– Stor forskjell

– Ordføraren er jo ein svært viktig posisjon. Mange stader har ordføraren ein dagsordenfunksjon. Ofte er han eller ho den einaste heiltidspolitikaren, og posisjonen gir mykje ressursar til å drive politisk arbeid, påpeikar Stein.

Sp enda opp med eit valresultat på 14,4 prosent, medan Ap framleis er det største partiet i landet med 24,8 prosent.

– Dette viser korleis eit parti kan få betydeleg fleire ordførarar enn det resultatet skulle tilseie. Det fortel oss at det er veldig stor forskjell på kommunane, og at det står få veljarar bak kvar Sp-ordførar, seier Stein.

Blant Sps heilt sikre kommunar er Tydal, Høylandet og Overhalla, Verdal og Grong i Trøndelag, Bardu i Troms, Sauda i Rogaland og Rollag, Aremark og Sigdal i Viken. (©NPK)

Utskrift E-post