Eirik Bouwer Utne er kultursjef i Alver kommune. Foto: Ingunn GjærdeEirik Bouwer Utne er kultursjef i Alver kommune. Foto: Ingunn Gjærde
Fleire månader før Lindås, Meland og Radøy skal slå seg saman, startar nyekommunen Alver med Nynorskdagane.
 

– Når me no byggjer ein ny kommune er det viktig å peika på den felles identiteten me har. Levesettet har vore likt, dialekten er rimeleg lik, musikkulturen og nynorsken er nokre av fellesnemnarane våreseier kultursjef i nye Alver kommune, Eirik Bouwer Utne.

Han understrekar at nynorsk er viktig i regionen:

– Folk er stolte over det nynorske skriftsspråket. Å feira nynorsken er naturleg for oss. Nynorsken fortener denne merksemda.

Konsertar, forfattarbesøk og kurs

Under Nynorskdagane 13.-22. september vert det 26 ulike opne arrangement.

Det vert mellom anna konsert med Tom Roger Aadland og Nicolay Leganger.

Aadland, som har hausta gode kritikkar for sine nynorske omsetjingar av Bob Dylan sine låtar, vil òg halda nynorsk låtskrivingskurs.

I tillegg vert det teikneserieverkstad med forfattar og teikneserieskapar Jens K. Styve.

Løftar fram nynorsken på Facebook

Under Nynorskdagane blir det fleire skulearrangement og arrangement for eldre på institusjonane i dei tre kommunane som etter nyttår blir til Alver kommune.

På Knarvik vidaregåande skule byrja dei Nynorskdagane allereie 2. september.

Kvar dag legg skulen ut ein video på Facebook som løftar fram nynorsken.