Kjenner på ansvaret med å vera «Årets nynorskkommune»

Nye Ålesund kommune er kåra til Årets nynorskkommune 2019. Dei får mellom anna prisen for å vere ein føregangskommune i arbeidet med å sikre nynorsken sin plass i fylkes- og kommunereforma.

– Det er klart det er stas og det er ei stadfesting av at språkarbeidet vi har gjort i førebuingane til samanslåinga har fungert, seier ordførar i Ålesund kommune og påtroppande ordførar i nye Ålesund kommune, Eva Vinje Aurdal til Nynorsk pressekontor.

Det var kulturminister Trine Skei Grande som overrekte prisen på 100.000 kroner til nye Ålesund kommune under eit arrangement på Kulturhuset i Oslo måndag. Det er Språkrådet og Kulturdepartementet som deler ut prisen og i juryen har det sete representantar frå Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Prisutdeling Årets nynorskkommune. Kulturminister Trine Skei Grande delte ut prisen. Geir Ove Leite, varaordførar i Skodje kommune, tok imot prisen på vegner av nye Ålesund. Skodje er ein av kommunane som går inn i den nye storkommunen ved nyttår. Foto: Kjell Åsmund Sunde / NPKPrisutdeling Årets nynorskkommune. Kulturminister Trine Skei Grande delte ut prisen. Geir Ove Leite, varaordførar i Skodje kommune, tok imot prisen på vegner av nye Ålesund. Skodje er ein av kommunane som går inn i den nye storkommunen ved nyttår. Foto: Kjell Åsmund Sunde / NPK

Kommunereforma er språkpolitikk

– Kommunesamanslåingane er eit eksempel på den store språkpolitikken vi har i samfunnet vårt. Den delen som handlar om store samfunns- og demografiendringar. Desse endringane handlar ikkje nødvendigvis om språk, men er med på å påverke språket vårt, sa Skei Grande då ho delte ut prisen.

– Det var mange som var redde for at kommunesamanslåingane skulle påverke situasjonen for nynorsken negativt. Det er legitimt fordi store samfunnsendringar kan få store språklege konsekvensar. Særleg kan språkleg mindretal hamne i skvis og bli mindre. Det er ikkje tilfelle i nye Ålesund der ein bykommune med bokmål med nynorsk omland blir ein nynorsk kommune. Nye Ålesund har konsolidert og utvida domene til nynorsken i den nye kommunen sin. Difor får dei prisen, sa ho.

Det var varaordførar Geir Ove Leite i Skodje kommune, som blir del av nye Ålesund, som tok imot prisen.

– Heile Sunnmøre har nynorsk som målform og då er det viktig at Ålesund, som er størst, er raus med naboane sine når det gjeld språk og anna, sa han då han tok imot prisen.

– Som å gi fredsprisen til Obama?

I samband med utdelinga var det òg skipa til debatt for å diskutere korleis kommunar og fylkeskommunr kan vere aktive pådrivarar for språkleg mangfald i åra som kjem. Ein av paneldeltakarane var Ålesundordførar Vinje Aurdal, som måtte svare på korleis det nye kommunestyret skal jobbe vidare for å sikre nynorskens plass i den nye storkommunen.

– Er ikkje ein nynorskpris til Ålesund litt som å gi fredsprisen til Obama? spurde ordstyrar og BT-kommentator Jens Kihl under debatten.

– Ja, vi får sjå. På fruktene skal treet kjennast. Sjølve samanslåinga av kommunane er jo enno ikkje gjennomført, men vi opplever at prisen er ei anerkjenning for arbeidet vi allereie har gjort og ein motivasjon til å halde fram språkarbeidet, svarte Vinje Aurdal.

Margrethe Kvarnes i Språkrådet har vore leiar for juryen. I juryen har det òg vore representantar frå Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS. Foto: Kjell Åsmund Sunde / NPKMargrethe Kvarnes i Språkrådet har vore leiar for juryen. I juryen har det òg vore representantar frå Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS. Foto: Kjell Åsmund Sunde / NPK

– Mange gode kandidatar

Leiar for juryen, Margrethe Kvarnes, fortel at det var ein krevjande prosess å kåre ein vinnar i år.

– Vi fekk inn 20 nominasjonar på 15 forskjellige kommunar. Dei blei så til seks kandidatar, der fem var kommunar i ein samanslåingsprosess. Alle kandidatane var sterke, seier Kvarnes til Nynorsk pressekontor.

– Vi enda med å gi prisen til nye Ålesund av fleire grunnar. Etter samanslåinga er gjennomført blir dei Noregs største nynorskkommune. Dei har vore solide i bruken av nynorsk i førebuingane til samanslåinga og dei har gjort gode og medvitne språklege vedtak, seier ho.

Ordførar Vinje Aurdal kjenner på òg ansvaret det medfører å vinne ein slik pris.

– Vi må starte arbeidet med ein språk- og målbruksplan og ta ting derfrå. Vi må jobbe strategisk og ha klare mål for korleis vi skal jobbe med språket framover, seier ho.

Det er kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund som slår seg saman til nye Ålesund ved nyttår.

Utskrift E-post