Fast nynorskklasse i Bergen

Bergen sentrum kan få fast tilbod om nynorskklasse. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix / NPKBergen sentrum kan få fast tilbod om nynorskklasse. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix / NPK

 
Bergen kommune vil gi eit fast tilbod om nynorskklasse på ein sentrumsskule dersom det er interesse for det.
 
 

Noregs Mållag håpar det er eit grep som vil gjere det lettare å få til nynorskklasse for dei foreldra som har ønskt det for ungane sine, og ikkje fått det til.

Leiaren i Noregs Mållag er godt nøgd med at komitéinnstillinga går inn for målretta tiltak. Foto: Noregs MållagLeiaren i Noregs Mållag er godt nøgd med at komitéinnstillinga går inn for målretta tiltak. Foto: Noregs Mållag

– Det er offensivt av kommunen å prøve seg på dette no, seier mållagsleiar Magne Aasbrenn i ei pressemelding.

Han synest også det er fleire andre positive tiltak som vil gje nynorsk betre vilkår i skulen.

– Frå tredje trinn skal alle elevar få ei systematisk opplæring i både nynorsk og bokmål, og i heile Bergen kommune skal det leggjast til rette for nynorske parallellklassar dersom foreldra til minst 10 elevar ønsker det. I Arna vil byrådet ta tak for å hindre språkskifte frå nynorsk til bokmål.

Det er i byrådserklæringa at desse tiltaka er lista opp.

Nynorskvennleg byråd

– Med den nye plattforma viser det nye byrådet i Bergen og leiar Roger Valhammer at dei er minst like nynorskvennlege som førre byråd, seier Magne Aasbrenn.

I byrådsplattforma heiter det at Bergen er hovudstaden på Vestlandet og at nynorsk er ein sentral del av den regionale identiteten. Summen av tiltaka som no er varsla, gjer at denne plattforma må karakteriserast som banebrytande og historisk, meiner mållagsleiaren.

Utskrift E-post