Kjartan Fløgstad med band på turné

Dei kommande månadene legg Kjartan Fløgstad ut på «Due og Drone»-turné. Med seg på turen har han jazzmusikar Steinar Raknes, poet Tom Stalsberg, og Odin Staveland, kjent frå Vamp, skriv Stavanger Aftenblad. Foto: Mari Torsdotter Hauge/NPKDei kommande månadene legg Kjartan Fløgstad ut på «Due og Drone»-turné. Med seg på turen har han jazzmusikar Steinar Raknes, poet Tom Stalsberg, og Odin Staveland, kjent frå Vamp, skriv Stavanger Aftenblad. Foto: Mari Torsdotter Hauge/NPK

Kjartan Fløgstad er mest kjent som forfattar, men no legg han ut på turné med band.

Dei kommande månadene legg Kjartan Fløgstad ut på «Due og Drone»-turné. Med seg på turen har han jazzmusikar Steinar Raknes, poet Tom Stalsberg og Odin Staveland, kjent frå Vamp, skriv Stavanger Aftenblad.

På konsertane får publikum høyre nye tekstar frå Fløgstad og Stalsberg, og nye komposisjonar av Steinar Raknes, med tekstar frå Fløgstad-romanen «Due og drone» frå 2019. Framsyninga skal innehalde både bokbad og konsert. Musikken er innan sjangrane rock og pop, med innslag av tango og støy.

Sjølve hevdar musikarane at dei har som mål å redde delar av den frilynte verda, nokre fjell, isbrear, togstrekningar og barar.

«Dette er song. Dette er pang. (...) Dette er på fire forskjellige dialektar, vektklasser, temperament og humring», skriv bandet sjølve om konserten.

Første framsyning er i Sandnes 21. januar. Så går turen vidare til Haugesund og Sauda, Vossajazz og Kongsberg. (©NPK)

Utskrift E-post