Foreldre vil ha nynorsk på Spjelkavik barneskole

Skrive av NPK .

Spjelkavik barneskole i Ålesund har berre to nynorskklassar fordelt på to trinn. Før dei kommande førsteklassingane skal skrivast inn i starten av februar, har foreldre mobilisert til nynorskklasse.

Spjelkavik er ein av dei største barneskolane i nye Ålesund kommune, og har i dag to nynorskklassar, ein på andre og ein på tredje trinn. Mari Tafjord Rødal er firebarnsmor, og hennar tre eldste born har hatt nynorsk på barneskolen. Når yngste dottera skal skrivast inn i starten av februar, er det ikkje noka sjølvfølge at ho får gå i nynorskklasse, skriv Sunnmørsposten.

Difor har Rødal starta Facebook-gruppa «Vi som ynskjer nynorskklasse ved Spjelkavik barneskole», og fram til no fått 18 medlemmer, der fire av desse har tatt eit val om at dei ønskjer nynorsk. For å kunne samle ein nynorskklasse må det vere ti familiar som ønskjer det.

Det er under ein månad igjen til innskriving. Rødal fortel til avisa at ho er opptatt av valfridom. Ho har sjølv skrive nynorsk om synest det er viktig å ta vare på målforma. Ho argumenterer òg med at det er nærare dialekta deira.

– Spjelkavik er ein av dei største barneskolane i kommunen. Da bør det vere mogleg å velje nynorsk for dei som ønskjer det, seier ho til Sunnmørsposten.

1. januar vart nynorskkommunane Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog slegne saman med Ålesund. Det har skapt stor debatt om målform i den nye kommunen. I desember vedtok kommunestyret i Ålesund at målforma i kommunen skal vere nynorsk. (©NPK)

Utskrift