Skuffa over redusert kulturansvar i vest

Fylka får likevel ikkje meir ansvar for kulturlivet, slik regionreforma for kulturområdet først la opp til. Det har gjort at fylkespolitikarar no er skuffa over kulturministeren.

– Eg er veldig skuffa over vedtaket. Målet til regionreforma var å overføre makt og styresmakt til fylka og nærmare folk, eit mål kulturministeren no sviktar. Han skrotar ei demokratireform. Rett og slett trist, skriv Stian Jean Opedal Davies (Ap), leiar i Hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland i ein e-post til Bergens Tidende.

Fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering i Vestland, Per Morten Ekerhovd, reagerer også på utfallet.

– Etter det omfattande forarbeidet som er lagt ned av staten og alle fylkeskommunane, er det overraskande at Kulturdepartementet plutseleg vel ei heilt annan linje. Det store spørsmålet no er kva konsekvensar dette vil ha for den vidare retninga for den nasjonale kulturpolitikken? skriv han i ein e-post til avisa.

Regionreforma har vore ein betent sak for kulturinstitusjonane i Bergen. I den låg det konkret forslag om at Den Nationale Scene, Harmonien, Carte Blanche, Kode og andre institusjonar som i dag er på statsbudsjettet, kunne bli overført til Vestland fylke – heilt eller delvis.

Rosar ministeren

Petter Snare, direktør på kunstmuseene Kode, er derfor veldig nøgd med snuoperasjonen.

– Kulturministeren skal ha ros for å ha lytta til eit samla kulturfelt, og skrinlagt ei reform som hadde heve kulturfeltet inn i unødige kranglar om pengar og nasjonal og regionale interesser. Dette var ei reform som ingen trengde, og Raja har no slått fast at han er heile Noregs kulturminister og ikkje berre minister for nokre få hovudstadsinstitusjonar, skriv Snare i ein e-post. (©NPK)

Utskrift E-post