Regjeringa droppar forslaget om å gi fylkeskommunane meir ansvar for kulturen

Kulturminister Abid Q. Raja (V) droppar forslaget om å gi fylkeskommunane meir ansvar i forvaltninga av kulturlivet. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPKKulturminister Abid Q. Raja (V) droppar forslaget om å gi fylkeskommunane meir ansvar i forvaltninga av kulturlivet. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Etter massiv motstand snur regjeringa i det som har vorte omtala som regionreforma i kulturlivet.

– På grunnlag av god og grundig dialog det siste året har regjeringa vedteke at vi ikkje går vidare med forslaget om å overføre eit større ansvar på kulturområdet til fylkeskommunane som ledd i regionreforma, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja (V) i ei pressemelding.

Det var i kulturmeldinga som vart lagd fram i november 2018, at regjeringa kom med forslaget om å overføre fleire oppgåver innan kulturlivet til fylkeskommunane.

Forslaget gjekk ut på at finansieringa av mange store institusjonar blir endra frå 70 prosent statlege midlar og 30 prosent fylkeskommunale midlar til det motsette. Det skulle til dømes gjelde teatera i Hålogaland, Rogaland og Trøndelag og fleire av dei store orkestera.

Frykta for kunsten

Kulturdepartementet har i perioden mai 2019 til januar 2020 hatt møte med fylkeskommunar, kommunar, rørte kulturverksemder, interesseorganisasjonar, KS og Sametinget på politisk og administrativt nivå. I møta med fylkeskommunane har departementet prøvd å bli samde om ein modell for oppgåvedeling mellom staten og fylkeskommunane.

Forslaget har likevel møtt massiv motstand, mellom anna på grunn av frykt for at pengane til kulturen skal bli nedprioriterte i fylkesbudsjetta.

– Det kan bli vanskeleg å forsvare kunsten når folk treng tannlege eller må bruke ei dyr ferje for å kome til jobben. Då er det for lett at kunsten blir ein salderingspost, sa teaterkritikar og spaltist Anki Gerhardsen til Aftenposten i januar i år.

Gir opp

No gir regjeringa altså opp.

– Regjeringa har hatt som ambisjon å overføre eit større ansvar på kulturområdet til fylkeskommunane, men har teke omsyn til innspela som har kome fram i prosessen. Eg vel å gå ut med denne bodskapen no for å dempe uroa blant aktørar i kultursektoren som etterlyser ei avklaring, seier Raja.

Kulturdepartementet opplyser òg at regjeringa vil gjere greie for forslaga som har vore drøfta og vurderingane som er gjorde, i kommuneproposisjonen for 2021. Han blir lagd fram for behandling i Stortinget 12. mai. (©NPK)

Utskrift E-post