|
|||
| Mange røyster om språk |
|
Sidan 1970 har det vore 286 folkerøystingar om målform her til lands. Av desse vart heile 94,4 prosent tatt til følgje, viser tal frå SSB. At målsak engasjerer viser fordelinga mellom dei ulike tema vi har hatt lokal folkerøysting på. Det har totalt vore halde 602 lokale folkerøystingar dei siste 30 åra, og av desse gjaldt nesten 48 prosent målform. 27 prosent gjaldt alkohol, 14 prosent var territorielle, 9 prosent omhandla krins og identitet, medan 2 prosent handla om miljø. Steinkjer kommune er saman med Bergen den kommunen som har hatt flest folkerøystingar knytte til val av målform i grunnskulen. Heile 19 gongar har skulemålet vore tema for røysting sidan 1970, noko som har medført at det no berre er ein skule att i Steinkjer med nynorsk som hovudmål. - I den tida målrørsla vaks i Steinkjer gjekk dei fleste skulane raskt over til nynorsk. Dei seinare åra har vi opplevd tilsvarande fråfall, seier leiar i Steinkjer mållag, Lars -Eirik Havdal. Han trur mykje tilflytting har gjort at nynorsken har fått ein svakare posisjon i kommunen. Også andre målfolk LNK har snakka med i Steinkjer meiner det tidvis ser mørkt ut for nynorsken, i alle fall som skulemål. Men at det er ein tapt kamp, er dei ikkje med på. Gunnar Gravås er ein av dei som har vore aktive i målrørsla i mange år, og han meiner hsitoria syner at folk i Steinkjer ikkje plar gi seg med det første. - Ser vi hundre år tilbake i tid, så stemte vi den gongen for republikk og ikkje monarki. Vi har alltid vore skeptiske til sentralmakta, forklarar Gravås. - Målfolket i Trøndelag er ikkje nokre "underdogs". For oss er målkampen ein måte å vise forakt for framandmakt og overstyring på.
FAKTA:
Folkerøystingar om målform frå 1970 til 2009:
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Sist oppdatert ( tysdag 08. juni 2010 09:08 ) |











