MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Fekk 50 000 i stipend
måndag 19. april 2010 08:12    PDF Skriv ut E-post
Fekk 50 000 i stipend

Maria Vennerød Tryti og Runar Gudnason

Maria Tryti Vennerød og Runar Gudnason får 50 000 kroner kvar i stipend frå Noregs Mållag. Pengane skal dei bruke til å få nynorsken inn på nye område.

Maria Tryti Vennerød får stipendet for multimedieprosjektet "Visitt" som ho skal utarbeide saman med Julian Skar og Ingeleiv Berstad. Vennerød er dramatikar og har skrive tekstar til ei rekkje oppsetjingar. Tekstane hennar er og gitt ut i fire bøker.

Runar Gudnason er tekstforfattar og vokalist i rapp-bandet Side Brok. Gudnason skal skrive og redigere ein rappelyrikkens poetikk, ein antalogi over breidda og mangfaldet i den norske hip-hopkulturen.

- Nynorsk treng å bli brukt, av alle, på alle stader og til alle tider. Nynorsk har vunne rom på stendig fleire område i samfunnet, og støtt har nynorsk vore ein del av avantgarden, heilt frå Vinjes ”Dølen” og i dag Maria Tryti Vennererøds "Visitt", sa Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, ved utdelinga av stipendet.

Det er Kulturdepartementet som løyver pengar til desse arbeidsstipenda som Noregs Mållag deler ut kvart år.

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert ( måndag 19. april 2010 08:37 )
 

– Treng nye kanalar for engasjert ungdom

News image

– Ungdom er framleis engasjert i politikk, men det trengst nye kanalar for å fanga opp det politiske engasjementet deira. Det meiner forskar Guro Ødegård.

Les meir

Klar til å lenke seg fast

News image

Synnøve Kvamme (19) har kjempa for heimbygda si, Granvin, i fem år. Regjeringspolitikarane har ho lite til overs for.

Les meir

Nytt frå Noreg

Nytt frå distrikta

  • Studenter finner ikke bolig
    Det er fortsatt mange studenter i Kristiansand som ikke har fått seg bolig. Studentboligene i byen er rett og slett fulle.
  • Vipers går for siger i serieopninga
    Vipers Kristiansand-kaptein Lindy Taraldsen trur laget er sterkare enn i fjor. Søndag sesongopnar Vipers borte mot Levanger i eliteserien i handball.
Kopirett © 2010 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51