MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | – Vi treng forsking om nynorsk
tysdag 20. april 2010 06:48    PDF Skriv ut E-post
– Vi treng forsking om nynorsk

Håvard B. Øvregård

– Vi treng forsking om nynorsken, fordi nynorsken i det norske samfunnet er så samansett, meiner Noregs Mållag.

– Det er framgang innan til dømes litteratur og media, medan skulemålet er pressa fleire stader. Særleg gjeld dette i og rundt dei store byane, vart det stadfesta under landsmøtet i mållaget.

– Vi treng kunnskap om målbyte. Kvifor skiftar foreldre, skuleelevar og studentar frå nynorsk til bokmål, jamvel om all røynsle tilseier at nynorsk ville vera eit betre val?, spør Øvregård. Han har eit samla landsmøte i ryggen som meiner at styresmaktene bør leggja til rette for nasjonal tverrfagleg og fleirfagleg forsking.
Stortinget har tidlegare slått fast at nynorsk skal bli positivt diskriminert, og Øvregård meiner at det er på tide at pengar følgjer ord:

– Det er på høg tid at styresmaktene løyver dei millionane som trengst for å skaffe fram ny kunnskap om den norske språksituasjonen. Dette er område kulturnasjonen Noreg må forske på, 125 år etter at Stortinget fatta jamstillingsvedtaket mellom nynorsk og bokmål, seier Øvregård. (©NPK)

 

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert ( tysdag 20. april 2010 06:52 )
 

– Treng nye kanalar for engasjert ungdom

News image

– Ungdom er framleis engasjert i politikk, men det trengst nye kanalar for å fanga opp det politiske engasjementet deira. Det meiner forskar Guro Ødegård.

Les meir

Klar til å lenke seg fast

News image

Synnøve Kvamme (19) har kjempa for heimbygda si, Granvin, i fem år. Regjeringspolitikarane har ho lite til overs for.

Les meir

Nytt frå Noreg

Nytt frå distrikta

  • Vipers går for siger i serieopninga
    Vipers Kristiansand-kaptein Lindy Taraldsen trur laget er sterkare enn i fjor. Søndag sesongopnar Vipers borte mot Levanger i eliteserien i handball.
  • Ikke rekruttskole på Kjevik?
    Forsvarets rekruttskole på Madla i Stavanger skulle avvikles innen 2013 og virksomheten skulle flyttes til Kristiansand og Bergen. Nå kan forsvarsminister Grete Faremo komme til å revurdere hele flyttingen.
Kopirett © 2010 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51