MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Meir nynorsk i bokmålsskule
tysdag 20. april 2010 13:45    PDF Skriv ut E-post
Meir nynorsk i bokmålsskule

Nynorsk

På Bardufoss ungdomsskole i Troms får elevane stadig meir nynorsk i undervisninga.

Dette skuleåret har ungdommane i 10. trinn hatt RLE-undervisning med bøker på nynorsk, og inspektør Berit Gillebo seier tilbakemeldingane er så gode at dei no vil utvide tilbodet enno meir til neste skuleår.

- Til hausten satsar vi på å ha RLE-bøker på nynorsk i alle tre trinna. I tillegg reknar vi med å bruke nynorske samfunnsfagbøker i ein av disiplinane, forklarar Gillebo.

Ho fortel at lærarane som har hatt RLE, det vil seie Religion, etikk og livssyn, i 10. klasse i år har vore positive til forsøket. Kanskje ikkje så unaturleg, seier ho, sidan det ofte er norsklærarane som har dette faget, og dermed kanskje er dei med best kjennskap til nynorsk frå før.

- Men vi trudde vi skulle få nokre negative reaksjonar frå ungdommane og foreldra.

Det har skulen ikkje fått, og no ser Gillebo fram til å utvide nynorsktilbodet til elevane ytterlegare.

Satsinga i år har vore finansiert av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Dei har løyvd utviklingsmidlar til skulen, og no vil skulen søke om vidareføring og utviding av prosjektet til neste år.

Ein av årsakane til at skulen no satsar meir på nynorsk, er mellom anna dårlege eksamensresultat i faget dei siste åra, forklarar Berit Gillebo.

- Det ville vi hjelpe elevane å rette på. Nynorskkarakteren tel like mykje som mattekarakteren, minner inspektøren om.

 

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert ( tysdag 20. april 2010 14:42 )
 

– Treng nye kanalar for engasjert ungdom

News image

– Ungdom er framleis engasjert i politikk, men det trengst nye kanalar for å fanga opp det politiske engasjementet deira. Det meiner forskar Guro Ødegård.

Les meir

Klar til å lenke seg fast

News image

Synnøve Kvamme (19) har kjempa for heimbygda si, Granvin, i fem år. Regjeringspolitikarane har ho lite til overs for.

Les meir

Nytt frå Noreg

Nytt frå distrikta

  • Studenter finner ikke bolig
    Det er fortsatt mange studenter i Kristiansand som ikke har fått seg bolig. Studentboligene i byen er rett og slett fulle.
  • Vipers går for siger i serieopninga
    Vipers Kristiansand-kaptein Lindy Taraldsen trur laget er sterkare enn i fjor. Søndag sesongopnar Vipers borte mot Levanger i eliteserien i handball.
Kopirett © 2010 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51