Eksistensiell debut

Anne VikenAnne Viken

Anne Viken (30) debuterer no med ei samling eksistensielle tekstar. For å få ein avstand til forteljarstemma skriv ho på bokmål.

– Korleis er det å debutere skjønnliterært?

– Eg er usikker på om eg kallar dette min skjønnlitterære debut, all den tid dette er ein boksingel og ikkje ei bok, men det følast veldig bra å gi ut kortprosa. Endelig har eg byrja å produsere skjønnlitteratur. Eg har aldri hatt noko hast med å bli forfattar, men det er det som alltid har vore planen. Så får me sjå kva som skjer etter det.

Anne Viken er journalist, bloggar og skribent. Forfattaren er frå Bygstad i Sogn og Fjordane og har ved fleire høve skapt debatt om distriktspolitikk og målpolitikk. No debuterer ho med boksingelen XXX.

Språkleg luksus

– Om ikkje målrørsla, som per i dag bidreg med lite anna enn å kaste skuggar over nynorsken, tek innover seg at dei må lytte til realitetane blant oss som brukar språket, har nynorsk inga framtid som bruksspråk. Dei må slutte å jamre seg over at oss trulause som kjem frå nynorskland, men som byter til bokmål, og gå ut og sjekke røynda heller enn å gnåle frå sitt nedstøva hjørne om korleis ting ideelt sett burde ha vore. Me treng eit bruksspråk som kan eksistere parallelt med eit dominerande bokmål. Punktum, seier Viken om målstriden.

– Kvifor vel du å skrive boksingelen på bokmål?

– For å skape ein avstand til forteljarstemma i boka. Å skrive "eg" blir for nært. "Jeg"-personen i teksten er ikkje Anne Viken, det meste eg skriv er rein fiksjon. Å skrive "Du" hadde ikkje passa på desse tekstane, difor vart det bokmål og "jeg".

– Vi har to skriftspråk og denne luksusen nyttar eg som det fell seg naturleg. Nynorsk er eit inkonsekvent språk og du må tenke mykje når du skriv. Eg synest det er eit ugunstig språk å bruke under tidspress når du ikkje har tid å sjekke opp i alle forbod og bøyingsformer. Så eg skriv nynorsk når eg har god tid, og bokmål under tidspress. Dette er det fleire journalistar eg kjenner som gjer, av nett same årsak. Alle kommentarartiklane mine er på nynorsk, nyhendesakene på bokmål.

Det eksistensielle

Boka er ein boksingel og kjem ut på Flamme forlag. I fylgje forfattaren er det tre handlings– og dialogdrivne kortprosatekstar i samlinga. Og alle er eksistensielle tekstar, det handlar om at tida går i frå deg, og at du ikkje lever evig.

– Det er tre tekstar i samlinga. Ein frå Oslo, ein frå India og ein frå Berlin. Alle er skrivne basert på besøk i byane. Eg bur i Oslo. Stemninga er bygd opp rundt å sakne kjærasten, eller ekskjærasten.

– Det handlar om at "there is more to life than work", og at mange relasjonar går tapt, kanskje fordi ein ikkje alltid vågar å sjekke dei ut eller satse. Å Leve i nuet kan vere eit enkelt bodskap gjennom ganske rå og skjøre tekstar.

– XXX er basert på ekskjærestar. Å ekse ut noko av livet sitt, å slette det, men ingenting kan slettast heilt. Ingen av oss er blanke ark. Noko er borte, du får det ikkje att, men det kan vere verkeleg for deg likevel.

Utskrift E-post