MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | - Diskriminerer nynorskkommunane
måndag 03. mai 2010 10:11    Skriv ut E-post
- Diskriminerer nynorskkommunane

Ryfylke

Reisemålsorganisasjon opplever at tilbydarane av nettløysingar for reiselivet ikkje vil leggje til rette for nynorskbrukarar.

- Våre tilsette blir oppmoda om å bruke bokmål i staden for nynorsk, seier dagleg leiar for Reisemål Ryfylke, Hanne Sundbø til LNK.no.

Kjerna i saken er ei felles nettsatsing som Fjord Norge tilbyr organisasjonane sine. Her får organisasjonane kvar si einsarta nettside som dei sidan skreddarsyr tilpassa sitt behov. Ein vesentleg del av denne nettløysinga er ein database levert av selskapet TellUs, og denne databasen finst i dag berre på bokmål. Dette gjer at ein del av nettsida blir på bokmål, sjølv om reisemålsorganisasjonane bruker nynorsk i all tekst dei sjølve kan påverke.

- Vi har vore på opplæring hjå TellUs og tilbakemeldingane derfrå er at det er betre for oss å bruke bokmål enn å krevje nynorsk. Eitt av argumenta er at bokmål gir sidene våre fleire treff i Google.

Sundbø synest det er fortvilande å vere ein bevisst nynorskbrukar på sine nettsider, når ei sak skrive på nynorsk blir omgitt av bokmålsord som ligg fast i ein database som organisasjonsane ikkje kan påverke sjølve. Ho er kritisk til TellUs som ho opplever ikkje respekterer nynorskbrukarane sine krav til ein gjennomgåande nynorsk nettstad. Men å skifte leverandørar er heller ikkje aktuelt, så lenge TellUs er einetilbydar av desse databasane i Noreg.

- Det er mange nynorskbrukande reisemålsorganisasjonar på Vestlandet som no blir tvungne til å bruke bokmål og nynorsk om ein annan, seier Hanne Sundbø.

- Vi tilbyr database for reiselivet på ti språk, og eitt av dei er norsk, seier keyaccount manager i TellUs, Randi Ranset. Databasen består av 20 000 ord og vil vere svært dyr å omsetje, seier ho.

- Viss nokon ønskjer å få databasen omsett til nynorsk, så er det sjølvsagt teknisk muleg. Men då må nokon ta initiativet og sjølve ta kostnaden med det, seier Ranset. TellUs meiner dei har dekka behovet i den norske marknaden med det tilbodet dei har i dag og har ingen planar om å ta initiativ til ein nynorsk database.

Ranset avviser at dei oppmodar nynorskbrukarane om å gå vekk frå nynorsk. Men dei opplyser sine kundar om at Google ikkje greier å tolke ord på nynorsk og bokmål likt, slik at til dømes eit søk på "Prekestolen" ikkje vil få treff i artiklar med "Preikestolen".


BAKGRUNN:

Fjord Norge AS er eit reisemålsselskap for dei fire vestlands-fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Fjord Norge tilbyr sine medlemer nettsider under ein felles portal.

Nettsidene kan ha brødtekst på nynorsk, medan statisk informasjon berre er på bokmål.

Sist oppdatert ( måndag 03. mai 2010 14:11 )
 

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Nyleg sendte Nynorsk kultursentrum søknaden til Kulturdepartementet om 16,5 millionar kroner til Språkåret 2013. Nå lyser dei ut stillinga som prosjektleiar for det storslagne året som skal innehalde over 100 forskjellige arrangement frå sør til nord.

03 feb 2012

Les meir

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

I 1977 vedtok politikarane i Oslo at bokmål skulle vere offisielt administrasjonsspråk. No føreslår partiet Raudt å oppheve vedtaket, melder ABC Nyheter.

03 feb 2012

Les meir

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gang i juni 2012. Alle kan kome med forslag til kva som er Noregs mest attraktive stad.

02 feb 2012

Les meir

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort obligatorisk nynorskundervising i Hadsel kommune i Nordland.

02 feb 2012

Les meir

Nytt frå ABC Nyheter

Nytt frå distrikta

  • Utset drapssaka til juni
    Rettssaka etter drapet på ei kvinne på Hotell Alexandra er utsett i tre månader, skriv Romsdals Budstikke. Grunnen er at forsvararen til den sikta mannen ikkje har tid før.
  • Elleve dagar på overtid er maks
    Sjukehuset i Kristiansund avviser at dei har andre reglar for igangsetjing av fødslar enn andre sjukehus.
  • Ungdomspolitikk står sterkt i Florø
    Ikkje mindre enn fire av ungdomspartia i Sogn og Fjordane har ein leiar frå Florø. – Politikk er viktig for ungdom i kystbyen, seier ungdomen sjølv.
  • Beslagla rekordmykje cannabis
    Fjoråret blei eit rekordår for beslag av cannabis. Politiet meiner mange unge ikkje ser farane med bruk av narkotika, og har i fleire tilfelle plukka opp rusa ungdomar på skulen.
  • Gir bort sin nye låtsamling
    Mens andre artister klager på nedlasting og sviktende CD-salg, tenker 21 år gamle Elise Vatsvaag stikk motsatt. Hun gir bort sine nyinnspilte låter på nett.
  • Forbereder Folken på storinnrykk
    Mandag kveld spiller Kaizers den første av fem utsolgte konserter på Folken. – Hver konsert blir spesiell, lover Janove Ottesen.
  • Skumsvoll teller på knappene
    Henning Skumsvoll (Frp) vurderer å slutte i rikspolitikken. Han benekter at det skyldes bråket rundt sexanklagene i fjor høst.
  • Ser kommende NAV-klienter tidlig
    Oppvekstdirektøren i Kristiansand mener det er mulig å se fremtidens NAV-klienter i barnehagen. Flere støtter utsagnet.
  • – Surrealistisk å bli gjenkjent
    Hun gikk fra å være bare Kari, til å bli hele Norges Kari etter sin innsats i «Ingen grenser». Søndag kveld fulgte 1,4 millioner nordmenn hennes kamp opp Snøhetta. – Det er helt surrealistisk å gå fra å være anonym til å bli gjenkjent over alt. Det er rart, men veldig hyggelig, sier den tøffe hamarkvinnen.
  • Leverer øko-kjøtt til spisested
    Mange økobønder sliter med å få solgt sine produkter. For et gårdbrukerpar fra Løten ble løsningen å levere direkte til en trendy restaurant på Grünerløkka i Oslo.

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51  LNK.no ISSN 1892-7009