MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | - Eit unntak
onsdag 05. mai 2010 14:14    Skriv ut E-post
- Eit unntak



Hamar Arbeiderblad hadde nyleg ei redaksjonell sak på nynorsk. - Avisa vår har alltid vore ei bokmålsavis, og det vil den også vere i framtida. Dette var ei spesiell sak, seier ansvarleg redaktør Rolv Amdal.

Det var journalist Stian Steinsvik som skreiv saka om at ikkje ein einaste av ungdomsskuleelevane i Hedmark fylke vel nynorsk som sitt hovudmål. Og det gjorde han på nynorsk.

- Språkpolitikken i Hamar Arbeiderblad er at språket som hovudregel skal vere på bokmål. Unntaket gjeld lesarinnlegg som kjem på nynorsk. I denne saka fekk eg dispensasjon hjå redaktøren til å skrive på nynorsk, seier Steinsvik til lnk.no


Mange reaksjonar
Han valde å skrive på nynorsk sidan saka handla om kor mange elevar som valde nynorsk.

- Eg tenkte denne vrien kunne gjere det meir morosamt for lesaren å lese ei sak som i utgangspunktet høyrdes kjedeleg ut, seier han og legg vekt på at han ikkje er nynorskbrukar privat og heller aldri har hatt nynorsk som hovudmål.

- Eg trur faktisk det var første gongen eg har skrive på nynorsk sidan gymnaset.  

- Fekk du mange reaksjonar?

- Eg fekk mange reaksjonar frå lesarane. Mykje meir enn eg normalt gjer på artiklane mine. Nokon av dei var negative, medan dei fleste kom med oppmuntrande attendemeldingar, fortel Steinsvik.

Journalist Steinsvik trur ikkje det blir nokon vane med nynorske artiklar i Hamar Arbeiderblad. For det første meiner han dette var eit unntak i forhol til språkpolitikken i avisa, og for det andre meiner han at han ikkje har like god kompetanse i å skrive nynorsk som bokmål. Ansvarleg redaktør Rolv Amdal legg heller ikkje skjul på at avisa har ein konsekvent språkpolitikk.


Ikkje noko tema
- Språket er ikkje noko tema her, dei journalistane som er tilsette hjå oss skal skrive bokmål. Men me opnar opp for nynorsk dersom det er eit høve for det, eller det passar. I denne saka var språket eit forteljargrep, meiner han og viser til at det truleg blir lenge til neste artikkel på nynorsk i Hamar Arbeiderblad.

Jens Haugan ved Høgskolen i Hedmark er positivt overraska over at avisa no har hatt ei redaksjonell sak på nynorsk. Sjølv skriv han kronikkar på nynorsk i avisa.

- Slik eg har forstått det, er redaktøren i Hamar Arbeiderblad bestemt på at avisa ikje er noko nynorskavis. Til vanleg er det berre eg som leverer nynorske tekstar til avisa, i tillegg til nokre andre kronikkar. Bortsett frå det er avisa nesten kjemisk fri for nynorsk, seier Haugan. 

- Hamar er jo ein by og ligg på mange måtar i skuggen av Oslo. Så det er nok mange grunnar til at folk flest ynskjer å idetifisere seg med bokmål. På den andre sida er Hedmark også Alf Prøysen sitt fylke, og hedmarksdialektane har også fått litt meir status gjennom Sigbjørn Johnsen.  

Sist oppdatert ( onsdag 05. mai 2010 14:52 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009