MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Prispengane dekkjer underskot
måndag 10. mai 2010 09:20    Skriv ut E-post
Prispengane dekkjer underskot

Stord kommune

Stord kommune fekk 100 000 kroner som Årets nynorskkommune i 2009. No er mesteparten av pengane forsvunne i kommunalt underskot.

Av dei 100 000 kronene kommunen fekk av Kommunal- og regionaldepartementet har 10 000 kroner gått til barnelitteraturfestivalen Falturiltu og 10 000 til Stord Mållag, slik politikarane bestemte. Dei resterande 80 000 vart sett på bok medan komiteen for næring, miljø og kultur fann eit eigna prosjekt som ville komme folk flest til glede, melder til Haugesunds avis. Både språkkurs og den kulturelle skulesekken var aktuelle saker, fortalde ordførar Liv Kari Eskeland (H) til LNK i fjor.

Men Stord kommune gjekk med underskot i 2009. Dermed forsvann dei 80 000 til dekking av underskot, noko som først kom for ein dag då Stord mållag nyleg byrja etterlyse aktivitet knytte til prispengane i lokalavisa.

Rådmann Magnus Mjør seier dei 80 000 kronene ikkje var øyremerkte, og at slike midlar automatisk blir trekt inn når kommunen er i ein situasjon der underskot skal dekkast inn.

- Dette kan skje med alle midlar som kjem under kategorien frie inntekter i ein rekneskap, rekneskapsreglane styrer dette, seier han, og legg til at dette nok ikkje var ein utgang på saka verken administrasjonen eller politikarane såg for seg når den politiske komiteen i si tid utsette saka.

- Det er sjølvsagt ein trist lagnad for prisen om det endar slik. Dersom ein likevel skulle ønskja å nytta summen til gode nynorskføremål lyt det gjerast ei ny løyving, noko me så langt ikkje har diskutert.

Prisen Årets nynorskkommune vart delt ut første gong i fjor etter initiativ frå Kommunal- og regionaldepartementet. Det blir ny pris i år, men kva tid den blir delt ut er enno ikkje bestemt.

 

 

Sist oppdatert ( tysdag 11. mai 2010 09:19 )
 

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Vestlendingane får nynorsk mjølk

Frå juni av skal all mjølka på Vestlandet – unntatt H-mjølka – marknadsførast på nynorsk, lovar Tine.

15 mai 2012

Les meir

Satsar på hardingfela

Satsar på hardingfela

Hardanger og Voss folkemuseum er i gang med forprosjektet til det som kan bli eit nasjonalt hardingfelesenter.

15 mai 2012

Les meir

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Bondevik i spissen for nynorskaksjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har saman med fleire andre kjende bokmålsbrukarar skrive under på eit opprop mot Utdanningsdirektoratets forslag om å fjerne sidemålskarakteren og eigen eksamen i nynorsk.

14 mai 2012

Les meir

"Elskar " nynorsk på Facebook

Før måtte vi lite på magekjensla og jobbintervjuet når vi tilsette folk. Det brukar vi framleis, men no kan vi i tillegg sjå innom sosiale media og lese kva folk skriv om seg sjølve, og kva språk dei brukar, skriv Magni Øvrebotten på bloggen sin.

14 mai 2012

Les meir

Nytt frå distrikta

  • Stø kurs mot OL
    Både Tarje Skarlund fra Ålesund og Iver Horrem fra Aukra har stø kurs mot deltakelse i OL i London,
  • Tre til sjukehus
    Tre personer er fraktet til sjukehuset på Nordfjordeid etter en trafikkulykke i Stigedalen torsdag kveld.
  • Kvinne sona eit halvår utan grunn
    Sunnfjordkvinna har allereie sona seks månader i fengsel for oppbevaring og vidareformidling av narkotika. No viser det seg at stoffet ikkje var å rekne som narkotika, og at kvinna aldri skulle ha hamna i fengsel.
  • Queen Mary 2 på fjordtur
    Staselege Queen Mary 2 var 17. mai på vitjing i Olden, og turistane var svært nøgde med å få delta i nasjonaldagsfeiringa.
  • Her går Nathan i 17. mai-tog
    Onsdag kom beskjeden om at Nathan og familien hans ikke kom til å sendt ut av Norge på nasjonaldagen. I dag koste syvåringen seg i 17. mai-tog i Ytre Arna.
  • Slik var feiringen i Bergen
    Regnet la ingen demper på stemningen under 17. mai-feiringen i Bergen.
  • 17. mai på oljeplattformane
    – Mange saknar barn og familie på 17. mai, derfor er det viktig at me gjer det beste utav det. Det seier Ella Kaliszuk frå ei dårleg telefonlinje på oljeplattforma Valhall i Nordsjøen. Der har oljearbeidarane verkeleg feira 17. mai.
  • Offshore 17. mai

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Mobil: 90 50 66 17  LNK.no ISSN 1892-7009