Syn og Segn kåra til Årets tidsskrift

Syn og Segn er kåra til Årets tidsskrift av Norsk tidsskriftforening.

 

I grunngjevinga frå juryen blir det lagt vekt på at Syn og Segn har uforutsigbare og overraskande vinklingar og temaval. Juryen meiner det 116 år gamle tidsskriftet er allmennkulturelt i ordets rette forstand, og det einaste i sitt slag som kjem ut på nynorsk. Vidare heiter det i grunngjevinga at tidsskriftet vågar å gå sine eigne vegar, og at det blir redigert med humor og snert. Det blir også lagt vekt på at det er stor bredde i stoffutvalet, frå utanriks og økonomi via norsk politikk og samfunn til kultur og litteratur. Bente Riise er redaktør i Syn og Segn.

Les heile grunngjevinga her.

Utskrift E-post