|
|||
| Ja til nynorsk i Askøy |
|
Folkerøystinga om skulemål i Askøy i Hordaland gav siger til nynorskfolket. I går sa 265 ja til å halde på nynorsken ved Træet skule og Fauskanger barne- og ungdomsskule, medan 189 stemde for bokmål som opplærinsgspråk, melder Askøyværingen. Dette er andre gong på sju år at ein har ei slik avstemming i Askøy. Denne gongen var deltakinga svært låg, og berre 28 prosent av dei røysteføre gav si stemme i går. |
| Sist oppdatert ( måndag 03. januar 2011 10:23 ) |











