MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Vil ha meir nynorsk på skjerm
måndag 07. juni 2010 12:44    Skriv ut E-post
Vil ha meir nynorsk på skjerm

Skjermdump

Statlege nettsider har for lite nynorsk på nettsidene sine. Mange meiner det må bli meir, og somme gjer noko med det.

Rett før jul i 2009 la Språkrådet fram tala over målbruken i statsforvaltninga. Tala var like klåre i fjor som mange år før: det er langt att før statlege nettstader oppfyller krava om minst 25 prosent teksttilfang i ei målform, og som vanleg er det nynorsk det er minst av.

Alt på nynorsk

Erlend Bakke frå Kjerrgarden i hordalandskommunen Askøy sende like godt eit brev til Kulturdepartementet og spurde: «burde det ikkje vore meir?» Til dømes meiner Bakke det burde vere muleg å ha det som kallast språkversjonering. Det vil seie at menyar og statisk informasjon også er på nynorsk, ikkje berre nyhendesaker og tekst som blir produsert fortløpande.

– Når ein opnar ein offentleg nettstad, burde det vere eit førsteval: Vil du ha nettstaden på nynorsk eller bokmål?, seier Bakke.

Berre nynorsk på topp

Dette vil ifølgje Bakke vere med og gjere nettlivet meir brukarvenleg for nynorskbrukarar, samstundes som det synleggjer nynorsken i langt større grad enn i dag. Viss ein i dag går inn på til dømes www.regjeringa.no, vil ein kome til ein nettstad som tilsynelatande er nynorsk, men som ved nærare ettersyn har somme menyval på bokmål, og ein vil fort hamne i bokmålstekstar og i bokmålsversjonen av nettstaden når ein byrjar å klikke seg innover. Andre offentlege nettstader har ikkje nynorsk som språkval i det heile tatt. På www.mattilsynet.no finst ei rekkje tekstar på nynorsk, men alle menyar og all grafikk er på bokmål.

Samde

Erlend Bakke opplever at Kulturdepartementet har tatt saka på alvor og langt på veg er samd med han. I eit brev sendt frå Kulturdepartementet til Språkrådet i april i år går det fram at departementet ser såkalla språkversjonering som det beste jamstellingsalternativet. Departementet meiner vidare at mållova sin paragraf 8 dekkjer dette, og at det såleis ikkje er nødvendig med eit eige pålegg om språkversjonering. Samstundes bed dei Språkrådet å følgje opp dette ved å innarbeide krav om språkversjonering i tilsynsarbeidet sitt. Dei seier òg at Språkrådet må syte for at dette er i orden på www.sprakrad.no.

Må ikkje bli mindre

Erlend Bakke er litt fornøgd, men òg litt skeptisk. Først og fremst er han redd for at språkversjoneringa, altså menyar og liknande på nynorsk, skal telje med i dei 25 prosentane som nettstadene er pålagde å ha. Det kan i verste fall føre til at det blir mindre nynorsk i dei redaksjonelle tekstane, og det ønskjer han ikkje. Han stiller og spørsmål om kravet om språkversjonering bør vere heilt absolutt, og seier seg ikkje einig i at mållova sin paragraf 8 dekkjer dette.

Men alt i alt opplever han å ha blitt teken på alvor, og no ventar han berre på at Språkrådet skal svare departementet.

Klar over elendet

– Vi kjenner godt til saka, ja, men vi har ikkje svara enno, seier fagkoordinator Sigfrid Tvitekkja hjå Språkrådet til LNK-avisa.

At tilstanden for nynorsken er dårleg på offentlege nettstader, er Språkrådet smerteleg klar over. Dei fører årleg tilsyn og veit at statlege nettsider inneheld berre ti prosent tekst på nynorsk. Å måle språket på menyar og grafikk gjer dei per i dag ikkje.

– I dag er det slik at framsida og menypunkta på toppnivå skal vere på båe målformer. Men det er ikkje alltid slik, og vi er ikkje fornøgde med målbruken slik han er no, seier Tvitekkja.

Ho seier Språkrådet ser føremoner med språkversjonering slik Erlend Bakke og Kulturdepartementet skisserer. Nynorsk vil bli meir synleg i skjermmiljøet, og brukaren kan gjere eit bevisst språkval. Men saka er meir komplisert enn som så, seier Tvitekkja.

Svar følgjer

– Vi kan sjå for oss at når du opnar ei statleg nettside, så er det rimeleg stor sjanse for at du hamnar på bokmålssida av di nokon har bestemt at den er standard. Så må du aktivt velje nynorsk. Då vil nynorsken dessverre liggje eit klikk lenger vekk.

Kva forhold som må vege tyngst, har dei ikkje bestemt enno.

– Vi skal svare departementet, og vi skal gjere noko med denne saka, seier Sigfrid Tvitekkja. – Men vi må få tenkje oss godt om først.

Sist oppdatert ( måndag 07. juni 2010 12:48 )
 

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Nyleg sendte Nynorsk kultursentrum søknaden til Kulturdepartementet om 16,5 millionar kroner til Språkåret 2013. Nå lyser dei ut stillinga som prosjektleiar for det storslagne året som skal innehalde over 100 forskjellige arrangement frå sør til nord.

03 feb 2012

Les meir

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

I 1977 vedtok politikarane i Oslo at bokmål skulle vere offisielt administrasjonsspråk. No føreslår partiet Raudt å oppheve vedtaket, melder ABC Nyheter.

03 feb 2012

Les meir

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gang i juni 2012. Alle kan kome med forslag til kva som er Noregs mest attraktive stad.

02 feb 2012

Les meir

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort obligatorisk nynorskundervising i Hadsel kommune i Nordland.

02 feb 2012

Les meir

Nytt frå ABC Nyheter

Nytt frå distrikta

  • Utset drapssaka til juni
    Rettssaka etter drapet på ei kvinne på Hotell Alexandra er utsett i tre månader, skriv Romsdals Budstikke. Grunnen er at forsvararen til den sikta mannen ikkje har tid før.
  • Elleve dagar på overtid er maks
    Sjukehuset i Kristiansund avviser at dei har andre reglar for igangsetjing av fødslar enn andre sjukehus.
  • Ungdomspolitikk står sterkt i Florø
    Ikkje mindre enn fire av ungdomspartia i Sogn og Fjordane har ein leiar frå Florø. – Politikk er viktig for ungdom i kystbyen, seier ungdomen sjølv.
  • Beslagla rekordmykje cannabis
    Fjoråret blei eit rekordår for beslag av cannabis. Politiet meiner mange unge ikkje ser farane med bruk av narkotika, og har i fleire tilfelle plukka opp rusa ungdomar på skulen.
  • Gir bort sin nye låtsamling
    Mens andre artister klager på nedlasting og sviktende CD-salg, tenker 21 år gamle Elise Vatsvaag stikk motsatt. Hun gir bort sine nyinnspilte låter på nett.
  • Forbereder Folken på storinnrykk
    Mandag kveld spiller Kaizers den første av fem utsolgte konserter på Folken. – Hver konsert blir spesiell, lover Janove Ottesen.
  • Skumsvoll teller på knappene
    Henning Skumsvoll (Frp) vurderer å slutte i rikspolitikken. Han benekter at det skyldes bråket rundt sexanklagene i fjor høst.
  • Ser kommende NAV-klienter tidlig
    Oppvekstdirektøren i Kristiansand mener det er mulig å se fremtidens NAV-klienter i barnehagen. Flere støtter utsagnet.
  • – Surrealistisk å bli gjenkjent
    Hun gikk fra å være bare Kari, til å bli hele Norges Kari etter sin innsats i «Ingen grenser». Søndag kveld fulgte 1,4 millioner nordmenn hennes kamp opp Snøhetta. – Det er helt surrealistisk å gå fra å være anonym til å bli gjenkjent over alt. Det er rart, men veldig hyggelig, sier den tøffe hamarkvinnen.
  • Leverer øko-kjøtt til spisested
    Mange økobønder sliter med å få solgt sine produkter. For et gårdbrukerpar fra Løten ble løsningen å levere direkte til en trendy restaurant på Grünerløkka i Oslo.

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51  LNK.no ISSN 1892-7009