|
|||
| Vil byte ut nynorsk |
|
Øvre Rindal skule bør byte skulemål frå nynorsk til bokmål. Det er resultatet etter ei rådgjevande folkerøysting i går. Rindal kommune i Møre og Romsdal har to skulekrinsar, kor ein har nynorsk og ein har bokmål som opplæringsmålform. I februar i år valde Foreldrearbeidsutvalet (Fau) ved Øvre Rindal skule å søkje om å få halde ei rådgjevande folkerøysting. Resultatet av røystinga i går synte at 89 ønskjer å byte til bokmål, 63 vil halde på nynorsk, medan ein røysta blankt. Berre 153 av dei 443 med røysterett deltok i folkerøystinga, melder Avisa Sør-Trøndelag. Saka skal no handsamast i kommunestyret i Rindal i slutten av juni.
|
| Sist oppdatert ( tysdag 08. juni 2010 09:29 ) |











