|
|||
| Rotevatn til NRK - styret |
|
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er vald inn i det nye NRK - styret.Rotevatn har erfaring som journalist og programleiar frå mellom anna NRK og Kanal 24. I dag arbeider ho som rådgjevar i konsulentfirmaet I&M Kommunikasjon AS. Ho er også påtroppande dagleg leiar i den digitale kunnskapsbasen Allkunne som vert redigert på nynorsk. Rotevatn har også brei erfaring frå målrørsla, blant anna frå verv i Mediemållaget. Tidlegare forlagssjef William Nygaard blir leiar i NRK-styret. - Med William Nygaard har NRK fått ein styreleiar med særs solid bakgrunn frå både kultur- og næringsliv. På same måte som NRK sjølv, er dette styret bredt samansett, med god variasjon i både bakgrunn, geografi og kompetanse, seier kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) i ei pressemelding. Med seg i styret får Nygaard og Rotevatn Alexandra Bech Gjørv, Steinar Gudmund Ness, Gunnar Flikke og Sif Vik. |
| Sist oppdatert ( fredag 11. juni 2010 12:27 ) |












