MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Sommarsnakk med Anniken Huidtfeldt
måndag 19. juli 2010 08:04    PDF Skriv ut E-post
Sommarsnakk med Anniken Huidtfeldt

Anniken Huidtfeldt

Kulturminister Anniken Huidtfeldt meiner den største utfordringa for nynorsken er at så mange vel språket vekk etter skulen.

Namn: Anniken Huidtfeldt

Alder: 40 år

Jobbar som: Kulturminister

Skal bruke sommaren til: Eg skal feriere i Noreg i sommar, først to veker på Sunnmøre og deretter på Sørlandet. Innimellom har eg lagt inn ei rekkje festivalar, mellom anna jazzfestivalen i Molde. Tidlegare i sommar var eg på dei nynorske festspela. Eg er imponert over kva dei har fått til der.

Brukar du nynorsk sjølv, privat og/eller i jobben?

Brev frå meg til dei som vender seg til departementet på nynorsk, blir sjølvsagt også svara på på nynorsk, men eg brukar ikkje nynorsk privat.

Kva forhold har du til den nynorske litteraturen?

Eg les mykje nynorsk litteratur, og eg er særskilt oppteken av Carl Frode Tiller, Fosse, Kjartan Fløgstad, Frode Grytten og Olaug Nilssen. Eg er imponert over dei nynorske omsetjingane av Anna Gavalda og Edvard Hoem.

Kva er dei største utfordringane det nynorske skriftspråket står overfor, slik du ser det?

Den største utfordringa i dag er at mange unge veljer vekk nynorsken når dei er ferdige med skulen. Eg jobbar sjølvsagt og med at departementa må følgje mållova.

Regjeringa har i sine periodar lagt fram to språkmeldingar. Kva vil du og ditt departement gjere for å følgje opp desse?

Som politiske prinsipp- og programerklæringar godkjende av Stortinget dannar desse meldingane grunnlaget for den nye språkpolitikken som regjeringa fører. Mitt departement har eit overordna språkpolitisk ansvar, og vi arbeider kontinuerleg med å følgje opp både store og små saker over eit breitt felt. Mykje er gjort og meir vil kome. Av dei mange tiltaka som vi vonar å kome i gang med om ikkje så lenge, er ein eigen gjennomgang av heile kultur- og mediesektoren for å vurdere kva som på ulike felt kan gjerast for å stimulere til at nynorsk målbruk skal bli meir synleg i det samla norskspråklege kultur- og medietilbodet i landet.

 

 

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert ( måndag 19. juli 2010 08:30 )
 

– Treng nye kanalar for engasjert ungdom

News image

– Ungdom er framleis engasjert i politikk, men det trengst nye kanalar for å fanga opp det politiske engasjementet deira. Det meiner forskar Guro Ødegård.

Les meir

Klar til å lenke seg fast

News image

Synnøve Kvamme (19) har kjempa for heimbygda si, Granvin, i fem år. Regjeringspolitikarane har ho lite til overs for.

Les meir

Nytt frå Noreg

Nytt frå distrikta

  • Studenter finner ikke bolig
    Det er fortsatt mange studenter i Kristiansand som ikke har fått seg bolig. Studentboligene i byen er rett og slett fulle.
  • Vipers går for siger i serieopninga
    Vipers Kristiansand-kaptein Lindy Taraldsen trur laget er sterkare enn i fjor. Søndag sesongopnar Vipers borte mot Levanger i eliteserien i handball.
Kopirett © 2010 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51