Ny bok for framandspråklege på nynorsk

illustrasjonsfoto lnk.noillustrasjonsfoto lnk.no

I slutten av august kjem ei ny lærebok i norsk for framandspråklege på nynorsk, skriv Kvinnheringen.no. Det er Toril Kristin Sjo frå Halsnøy som har gitt ut ei lærebok i norsk for framandspråklege ungdomar.

– Fram til no har eg undervist på bokmål, seier Sjo til Kvinnheringen.no. Når eg har det nye opplegget klart på nyåret, skal eg undervisa på nynorsk for dei som vel det. Det gler eg meg til. Toril Sjo er utdanna universitetslektor i språk som andrespråk, og underviser i norsk for internasjonale studentar på Blindern i Oslo. I samband med det, er ho i ferd med å laga eit nytt emne med nynorsk språkhistorie og dialektar.

 

«Norsk start 8–10» er skriven i samarbeid med Vie Berg. Boka er mynta på framandspråklege ungdomar som skal læra norsk for første gong, men er ifølgje Sjo òg godt brukande i vaksenopplæringa.

Les heile saka her.

Utskrift E-post