MagasinettLNK-kortetPirionStartsida
Heim | Nyhende | Sommarsnakk med Nana Rise-Lynum
onsdag 04. august 2010 07:35    Skriv ut E-post
Sommarsnakk med Nana Rise-Lynum

Nana Rise-Lynum (foto: Astrid E. Hjelmeland)

Nana Rise-Lynum er redaktør og "orakel" for barn og unge i Norsk Barneblad, og svarar dagleg på spørsmål om alt frå nynorsk til kjærleik. – Det er for barn og ungdom me finst, understrekar ho.

Namn: Nana Rise-Lynum

Alder: 49 år

Arke: Redaktør for Norsk Barneblad

Skal bruke sommaren til: Vere saman med mannen min og dei to små barna våre, Laura 5 år og Henrik 7 år. Det blir nok mykje bading, eting av is og berre kos.

Kva er bakgrunnen for Norsk Barneblad?
Norsk Barneblad frå 1887 er truleg det eldste barnebladet i heile verda. Lærarstudenten Kristen Stalleland frå Grimstad syntest det var viktig at ungane fekk lese noko på sitt eige språk og ikkje berre på dansk. Han sette seg ned og laga Norsk Barneblad som hadde 37 tingarar til det første nummeret. Vi har ein del fleire i dag. Og det er rart å tenke på kor mange som har vakse opp saman med Norsk Barneblad gjennom 123 år.

Kor viktig er språket i jobben din?
Språket er veldig viktig både for meg personleg og ikkje minst for Norsk Barneblad. Språk er lik identitet. Eg er heilt viss på at Norsk Barneblad ikkje hadde funnest om det ikkje var for at bladet har nynorsk som språk. Berre tenk på alle andre gode blad for barn som har funnest opp igjennom tidene, men som er borte no. Det at Norsk Barneblad er på nynorsk gjer at mange føler at dei "eig" litt i oss og passar på oss og held oss i live. Det er vi veldig takksame for.

Kva språkutfordring møter du som redaktør av Norsk Barneblad?
Kva slags nynorsk skal vi bruke er eit spørsmål vi ofte stiller oss sjølve. Vi er så heldige å ha ein svært god språkvaskar og korrekturlesar som passar på at innlegg frå lesarane våre blir retta opp til ein korrekt nynorsk dei kjenner seg heime i. Det er veldig viktig at ungane som skriv inn kjenner igjen si eiga stemme. Er deira form me så blir det ikkje retta til vi, sjølv om bladet brukar vi redaksjonelt. Av og til er det eldre som skriv inn og synest vi brukar eit for moderne nynorsk, men vi skal vere eit moderne blad og språket skal spegle tida vi lever i.

Kva er målet til Norsk Barneblad?
Å gje lesarane våre gode leseopplevingar som får dei til å tenke eller smile litt. På engelsk heiter det food for thought, mat for tanke - det er eit fint mål. Vi er heile tida opne for innlegg og innspel frå lesarane våre. Det er også eit klart mål for Norsk Barneblad. Vi stiller oss heile tida på lag med ungane. Det er for dei vi finst.

Kvar er Norsk Barneblad om 10 år?
Ja, det blir det spennande å sjå. Truleg kan du lese Norsk Barneblad på lesebrettet ditt eller laste oss ned på telefonen din. Vi er nok meir tilgjengelege om ti år enn i dag. Og det er jo bra!

Sist oppdatert ( onsdag 04. august 2010 08:16 )
 

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Søkjer departementet om 16,5 millionar

Nyleg sendte Nynorsk kultursentrum søknaden til Kulturdepartementet om 16,5 millionar kroner til Språkåret 2013. Nå lyser dei ut stillinga som prosjektleiar for det storslagne året som skal innehalde over 100 forskjellige arrangement frå sør til nord.

03 feb 2012

Les meir

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

Raudt vil ha slutt på nynorsk-nekt i Oslo

I 1977 vedtok politikarane i Oslo at bokmål skulle vere offisielt administrasjonsspråk. No føreslår partiet Raudt å oppheve vedtaket, melder ABC Nyheter.

03 feb 2012

Les meir

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Kvar er Noregs mest attraktive stad?

Statens pris for attraktiv stad skal delast ut for første gang i juni 2012. Alle kan kome med forslag til kva som er Noregs mest attraktive stad.

02 feb 2012

Les meir

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort nynorsk

Hadsel Høyre vil ha bort obligatorisk nynorskundervising i Hadsel kommune i Nordland.

02 feb 2012

Les meir

Nytt frå ABC Nyheter

Nytt frå distrikta

  • Utset drapssaka til juni
    Rettssaka etter drapet på ei kvinne på Hotell Alexandra er utsett i tre månader, skriv Romsdals Budstikke. Grunnen er at forsvararen til den sikta mannen ikkje har tid før.
  • Elleve dagar på overtid er maks
    Sjukehuset i Kristiansund avviser at dei har andre reglar for igangsetjing av fødslar enn andre sjukehus.
  • Ungdomspolitikk står sterkt i Florø
    Ikkje mindre enn fire av ungdomspartia i Sogn og Fjordane har ein leiar frå Florø. – Politikk er viktig for ungdom i kystbyen, seier ungdomen sjølv.
  • Beslagla rekordmykje cannabis
    Fjoråret blei eit rekordår for beslag av cannabis. Politiet meiner mange unge ikkje ser farane med bruk av narkotika, og har i fleire tilfelle plukka opp rusa ungdomar på skulen.
  • Gir bort sin nye låtsamling
    Mens andre artister klager på nedlasting og sviktende CD-salg, tenker 21 år gamle Elise Vatsvaag stikk motsatt. Hun gir bort sine nyinnspilte låter på nett.
  • Forbereder Folken på storinnrykk
    Mandag kveld spiller Kaizers den første av fem utsolgte konserter på Folken. – Hver konsert blir spesiell, lover Janove Ottesen.
  • Skumsvoll teller på knappene
    Henning Skumsvoll (Frp) vurderer å slutte i rikspolitikken. Han benekter at det skyldes bråket rundt sexanklagene i fjor høst.
  • Ser kommende NAV-klienter tidlig
    Oppvekstdirektøren i Kristiansand mener det er mulig å se fremtidens NAV-klienter i barnehagen. Flere støtter utsagnet.
  • – Surrealistisk å bli gjenkjent
    Hun gikk fra å være bare Kari, til å bli hele Norges Kari etter sin innsats i «Ingen grenser». Søndag kveld fulgte 1,4 millioner nordmenn hennes kamp opp Snøhetta. – Det er helt surrealistisk å gå fra å være anonym til å bli gjenkjent over alt. Det er rart, men veldig hyggelig, sier den tøffe hamarkvinnen.
  • Leverer øko-kjøtt til spisested
    Mange økobønder sliter med å få solgt sine produkter. For et gårdbrukerpar fra Løten ble løsningen å levere direkte til en trendy restaurant på Grünerløkka i Oslo.

Nytt frå Framtida

Kopirett © 2012 LNK - NYTT. Alle rettar er reserverte.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.

LNK Postboks 7044    St. Olavs plass    0130 OSLO    post@lnk.no    Telefon: 22 33 14 00    Faks: 53 43 20 51  LNK.no ISSN 1892-7009