|
|||
| – Tidleg språkopplæring er avgjerande. |
|
– Obligatorisk, tidleg og god sidemålsopplæring for alle er avgjerande for at elevar med bokmål og nynorsk som sidemål skal stilla likt, seier leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård.I ein kommentar i Dagbladet 3. august skriv assisterande rektor ved Oppegård vidaregåande skule, Svein Magne Sirnes, at sidemålsopplæring frå barnetrinnet vil vera pedagogisk uheldig. Han spør om ikkje elevar som må forhalda seg til to språkkonvensjonar frå barnesteget vil føra til auka tilbakegang for nynorsk. Sirnes meiner det vil vera pedagogisk uheldig for elevar i småskulen å halda styr på to skriftspråkkonvensjonar, og stiller spørsmål til om det kan forsvarast å tvinga bokmålselevane til å læra seg ord som til dømes «brotsverk», «freistnad» og «vørdnad» - og verbformer som «hjelpte», «trefte» og «las» - før dei meistrar hovudmålet sitt. Ei av hovudutfordringane i språkopplæringa i dag er i følgje Øvregård at det er ein veldig stor skilnad på dei som har nynorsk og dei som har bokmål som hovudmål.
|
| Sist oppdatert ( torsdag 05. august 2010 10:02 ) |







Mållagsleiar Øvregård er heilt usamd i denne framstillinga. – All forsking syner at dess fleire språk ein lærer og dess tidlegare ein lærer dei, dess betre er det, understrekar Øvregård. Evna til å læra seg fleire språk vert dårlegare dess eldre ein er.




