Sommarsnakk med Kyrre Lindanger


Ordføraren i Bokn, Kyrre Lindanger, meiner det er viktig å vere ein god ambassadør for nynorsken.

 

Namn: Kyrre Lindanger  
         
Alder: 35

Yrke: Ordførar

Skal bruke sommaren til: Har vore på to vekers ferietur til Tyrkia med familien og ein svipptur til Sverige med bil. Skal ein tur til Malaga med kona på seinsommaren. Det har også blitt ein del båtliv i området rundt Bokn, men skuffande lite bading og grilling på grunn av det dårlege sommarvêret. Elles har det blitt utført ein del førefallande arbeid i heimen, slik som måling, plenklypping og snekring. Men det har likevel blitt mykje bra kvalitetstid med familien – og det er det viktigaste med ferien.


– Kor viktig er språket i ditt arbeid som ordførar?
Språk er avgjerande viktig ved all formidling, og kanskje spesielt i rolla som ordførar. Bruk av nynorsk i formidlinga gjer at ein i større grad reflekterer over eigen identitet. Avstanden mellom tanke og skrift blir kortare og meir direkte og formidlinga enklare og forståeleg. Nynorsk er meir munnleg enn bokmålet og tvingar difor fram ei enklare og meir direkte form. Ved å bruke nynorsk i arbeidet mitt som ordførar er eg også ein ambassadør for nynorsken.

– Bokn er ein kommune i vekst og med auka tilflytting grunna endra infrastruktur - kva for utfordringar møter og vil Bokn kommune møta når det gjeld nynorsk som administrasjonsspråk?
Fleire tilflyttarar frå bokmålsområde treng ikkje bety noko for administrasjonsspråket vårt. Til nå har me ikkje registrert negative reaksjonar frå bokmålsfolk. Det ligg nær å tolka dette som lojalitet og forståing blant tilflyttarane for Bokn sin kulturelle eigenart.

– Kva gjer Bokn kommune for å gjera språkbruken blant administrasjon, folkevalde og tilsette i kommunen så god som råd?
I Bokn kommune har nynorsk vore tenestespråk heilt sidan 1922. Mange av våre tilsette i administrasjonen og kommunen er boknarar og har nynorsk som hovudmål og handterar skriftspråket godt. Dei som er usikre på grammatikken får hjelp av kollegaer på kommunehuset. Me er flinke til å hjelpa kvarandre. Skriv som skal offentleggjerast blir gjerne kvalitetssikra av “særskilt” språkkyndige etter førespurnad frå sakshandsamaren. Som ordførar er eg oppteken av at Bokn kommune brukar ein mest mogleg feilfri og god nynorsk. Dette er noko eg påpeikar med jamne mellomrom for rådmannen. I fjor delte eg ut ein foldar til tilsette i administrasjonen som heiter “Nøkkel til nynorsk”. Eg merkar at mange av dei kommunalt tilsette er opptekne av at ein skriv korrekt nynorsk, også dei som har bokmål som sitt hovudmål. Ein er oppteken av å framstå profesjonelt. Dette handlar om kommunen sitt omdømme og integriteten hjå dei tilsette. Det viktigaste ein kan gjera med tanke på å sikra eit godt, byråkratisk nynorsk i framtida, er faktisk å halda på sidemålsundervisninga i grunnskulen.

– Bokn er ein øykommune som er blitt knytt saman med resten av fastlandet på Haugalandet via tre bruer. Har språket blant innbyggjarane på Bokn endra seg etter at kommunen vart landfast?
Me må nok kunne stadfesta at boknadialekten er i endring. Det er nok ikkje tvil om at Haugesunds bymål pressar på over bruene. Spesielt konsonantane er i ferd med å hardnast til blant dei yngre boknarane. Dette skuldast at Haugesund for dei fleste boknarane blei “Byen” etter at me i 1991 blei landfaste. Før den tid orienterte boknarane seg i større grad sørover mot Stavanger. Det var til Stavanger ein drog når ein hadde ærend, når ein skulle ta utdanning og jobb. I tillegg hadde mange familie og slekt i sør-fylket. “Den bløde kyststribe” begynner i Tvedestrand og strekk seg heilt til Bokn. Ved kommunegrensa i nord har det i alle år gått eit viktig og skarpt dialektskilje; i sør sa ein “båden” og “maden”, mens ein i nord sa “båten” og “maten”. Dette kan ein finna att i mange av dei små kystsamfunna i Ryfylke og langs Karmsundet som frå gamal tid orienterte seg mot Stavanger, slik som dømesvis Skudeneshavn, Nedstrand og Sand i Suldal. Men i dag er boknadialekta i ferd med å vatnast ut, delvis på grunn av auka innflytting og større kontakt mot Haugesund og Haugalandet, men også som fylgje av påverknad frå media.

Utskrift E-post